Tek imot 170 flykningar

Os kommune vi ta imot 45 flykningar neste år og 170 i løpet av dei fire komande åra.

Fleirtalet i formannskapet gjekk inn for å ta imot 45 flyktningar neste år (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 01. des. 2015 15:42

Administrasjonen fekk skryt for ei grundig og god saksutgreiing då formannskapet tysdag skulle gje si innstilling til kor mange flyktingar Os kommune skal ta imot dei kommande fire åra. Fylkesmannen ba i sommar om at kommunen skulle ta imot 45, men auka dette i november til 65 flyktinger, der 20 av dei skulle vera einslege mindreårige.

– Høgre og Frp har i grove trekk støtta seg til administrasjonen sitt framlegg om å ta imot 45 i 2016 og 2017 og 40 i 2018 og 2019, totalt 170 personar i perioden 2016-19. Familiesameinte må vera ein del av den totale busettinga, innleia Marie Bruarøy (H), før ho la fram ytterlegare fem forslag til vedtak.

  • Os kommune har parellet med auka i talet på busette ikkje kapasitet eller naudsynt kompetanse til å busetja einslege mindreårige asylsøkjarar, ref. anmodinga frå fylkesmannen av november 2015.
  • For å gje føreseieleige rammer for oppbygging av flykningetenesta i kommunen legg kommunestyret til grunn at nivået på 40-45 personar er endeleg for perioden 2016-19.
  • Os kommunestyre ber administrasjonen fremja sak med oppjustering av budsjett 2016/økonomiplan 2016-19 som følgje av denne saka.
  • Os kommune ber også administrasjonen om å utarbeida ein bustadstrategi knytt til mottaket av flykningar i perioden 2016-19, herunder kapasitet i eigen bygningsmasse, ombygging av eigen bygningsmasse, kapasitet i den private leigemarknaden, evnt. utvikling av nye prosjekt tilpassa målgruppa, konsept som eie til leige osv. Tiltaka prioriterast og kostnadsreknast i høve framdrift med busetjing i fireårsperioden 2016-19.
  • Os kommunestye ber flykningetenesta ta intitativ for i større grad å involvera friviljugsektoren i integreringsarbeidet i Os kommune.

Ville ha tal på fleire

Nils Anders Nøttseter (MDG) fortalde at han kunne støtta fleire av punkta frå posisjonspartia, men at han ville at administrasjonen gjorde eit ytterlegare utgreiingarbeid.

– Vi ber om at det blir lagt fram alternative budsjett for kva inntektene og utgiftene vil bli om vi aukar talet kvart år til 65, 90 og 130.

– Flyktningeteneste driv med overskot i dag. Vi veit at vi driv dette effektivt og bra. Vi må òg sjå på dette som ein moglegheit med tanke på bustadutbygginga. Det er stor etterspørsel etter bustader og dette kan vera ein moglegheit til å få bygd fleire kommunale bustader, gjerne etter Hamarøymodellen, kor private bygger ut og kommunen forpliktar seg til å leige i 10 år, men på opsjon på ytterlegare 10 år. Dette kan òg gje store utløysingar frå Husbanken.

– Det er heller ikkje slik at flyktningane berre kostar pengar. Pengane forsvinn ikkje, men går inn i eit kretsløp med kjøp av varer og tenster frå det lokale næringslivet, påpeika Nøttseter, som meinte at med Os og Noreg som av dei flinkaste på integrering, så har ein plikt til å gjera ein innsats.

Ei kraftig oppskalering

Nøttseter møtte motbør på ei yttarlegare auke frå dei 45 som administrasjonen la fram i saksutgreiinga.

– Ein av grunnane til at vi er flinke er fordi vi har tatt det antalet vi har meint vi kan håndtera. Dette er ei naiv tilnærming eg ikkje har tru på. Vi har dei begrensingane vi har i tenestene vi har i dag, difor held vi oss til dei tilråingane vi har fått frå administrasjonen, kommenterte Eirik Andre Hesthamar (Frp).

– Vi har diskutert dette i samband med budsjettprosessen og kome fram til at 45 er ei god auke i denne omgangen. Vi kan ikkje støtta punkt to og tre frå Frp/H. Vi skal bygga opp kompetanse i organisasjonen over tid no, det vil kunne rusta oss opp til å ta imot fleire på eit seinare tidspunkt. Sett i lys av dei tidlegare diskusjonane om 10, 15 eller 20 så er denne tredoblinga ei betydeleg auke, forklarte Jon Sivert Rykkel (V).

Fryktar auka sosialkostnadar

Terje Søviknes (Frp) ville heller ikkje vera med på å auka talet yttarlegare.

– For Frp har arbeidet med integrering alltid vore viktig når det har vore snakka om flyktninge og innvandringspolitikk. Vi i Os har tatt i mot eit avgrensa tal og har lykkast rimeleg godt, tildels svært godt samanlikna med andre. Det er takka vere gode tenester og eit relativt begrensa antall.

– Eit anna perspektiv er at sjølv dei beste vil oppleva at ikkje alle blir godt nok intergrert i løpet av dei fem åra kommunane får integreringstilskot. Då blir kostnadane med sosialhjelp ein ekstrakostnad for kommunane som ein må ta høgde for. Det kan vi ikkje stikke under ein stol når vi no vurderer talet, påpeika Søviknes.

Eit felles ansvar

Tone Hepsøe (Ap) reagerte på at flyktningane blei presenterte som ein kostnad.

– Det er ei vanskeleg oppgåve, men eg har aldri høyrd om ei kommune som seier dei ikkje prioriterar integrering. Eg reagerer litt på at ein presenterer dette berre som ein kostnad. Det er menneske vi snakkar om, ikkje berre eit tal som kjem over grensa. Vi har mange etniske nordmenn som heller ikkje klarer å finansiera livsopphaldet sitt.

– Eg forutset at staten tek sitt ansvar og finansierar den oppgåven fylkesmannen ber oss om å gjera. Vi ligg lavt i forhold til det IMDI ber oss om og kan ikkje berre skubba det over på dei andre kommunane.

Eit samla formannskap var semde i at ei vellykka integrering var viktig, og at ein i heile organisasjonen og bygda forøvrig må bretta opp ermane for å lykkast med det, men kor mange ein no skal ta imot var ein ikkje like samde i.

Ap og MDG gjekk inn for å ta imot 65 per år, medan dei andre partia (Frp/H/V) støtta administrasjonen sitt framlegg. Berre frp/H stemte for dei to første tilleggspunkta dei sjølv fremja, medan dei tre siste blei samrøystes vedteke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.