Tek kjend barnekonsept til Os
Bajazz har vore arrangert i over ti år på USF Verftet. Laurdag kjem den første av fire konsertar i Oseana.
Bergen Jazzforum har i over ti år arrangert Bajazz på USF Verftet i Bergen.
– Det har blitt ein svært populær konsertserie for barnefamiliar. I fjor hadde vi over 5000 besøkande på våre Bajazz-konsertar i Bergen, og no satsar vi på Os, fortel Mads Hatlevik, dagleg leiar i Bergen Jazzforum.
Kvalitetskonsertar for barn
Målet med konsertane er i følgje Hatlevik å tilby kvalitetsmusikk i konsertformat tilpassa barn og barnefamiliar.
– Kvar første laurdag i månaden frå no til og med mai vil vi presentera ein kvalitetsartist eller band og invitera barnefamiliar med barn mellom 0 og 10 år til konsert i Oseana.
– Først ut er Silje Sirnes Winje og Maria Solheim. Silje er kjend frå NRK Super, medan Maria er tidlegare spellemann-nominert singer songwriter. Saman har dei laga og gitt ut barneplata «Kaptein Snabelbæsj og Hjertetyven», fortel Hatlevik.
Dei neste månadane vil 9 grader Nord, Lekerommet og Jazzoo vera artistane som kjem til Os.