Sport | 05. jan. 2016

Tek Sverre steget opp på pallen igjen?

I NM allround rett før jul blei Sverre Lunde Pedersen noregsmeister for første gong. Til helga er det EM i Minsk, med Sverre som ein av favorittane.

Tek Sverre steget opp på pallen igjen?
Sverre Lunde Pedersen øverst på pallen under NM allround. Får vi igjen sjå han på pallen under EM Allround i helga? (foto: Reidar Langkjær)
Andris Hamretirsdag 05. jan. 2016 11:06

I fjor var han berre eitt sekund unna bronseplassen etter å ha gått ein kanonsterk 10 000 meter.

I år blir han nemd som ein av favorittane til å ta steget opp på pallen.

– Eg trur Sverre nærmar seg verkeleg. Han tek steg for steg kvar dag og kjem nærmare og nærmare toppen heile tida, oppsummerte landslagstrenar Sondre Skarli på NRK Sportsrevyen måndag kveld.

Vil ta steget opp

EM blir i år arrangert i Minsk i Hviterussland. Dit får Sverre med seg Håvard Bøkko og årets store komét, klubbkamerat og dels sambygding Sindre Henriksen.

– Eg har vist fleire gonger at eg kan vera oppi der. Med ein fjerdeplass i fjor er målet å ta steget opp, sa Lunde Pedersen til Sportsrevyen.

EM blir send på NRK laurdag og søndag. Laurdag går Sverre og dei andre 500 og 5000 meter. Søndag står 1500 og 10 000 meter for tur. Løpa starter kl 15 lokal tid begge dagane. (Minsk ligg to timar foran Noreg, journ.mrk)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.