Kultur | 23. sep. 2010

Tek USA til Fjellheim

Os Musikkforening ønskjer velkomen til konsert i Fjellheim sundag ettermiddag.

Tek USA til Fjellheim
Andris Hamretorsdag 23. sep. 2010 07:56

- Vi har øvingsseminar både laurdag og søndag denne helga, og ynskjer å avslutte helga med konsert, fortel Kjersti Aak Garlid i ei melding til midtsiden.no.

Det blir ein rein korpskonsert, og med eit lett, variert program. Denne gongen er USA og amerikansk musikk eit gjennomgåande tema.

- Vi skal bl.a. innom Broadway, vi får ein sats frå ”Suite of Old American Dances”, vi skal til Oregon, og vi får jazztonar i ”Harlem Nocturne”.

Rekrutterar frå skulekorpset
I sommar vart dei eldste musikantane i Os- og Kuventræ skulekorps inviterte til å spele med Musikkforeningen i ein periode.

- Fire, flotte musikantar tok utfordringa, og har sidan starten i august vore med på øvingane våre, i tillegg til eigen speling i skulekorpset, seier Aak Garlid.

- Meininga har vore at dei skulle få prøve seg på litt meir avansert musikk, og få kjenne litt på korleis det er å spele i vaksenkorpset.

Dei fire, Eirin Austevoll, Astrid Elise Valle, Åshild Skurtveit og Sandra Charlotte Tveit har teke overgangen med glans og spelar sundag sin første konsert med musikkforeninga.

Skryt av dirigenten
Aak Garlid skryt av dirigent Rune Hannisdal. Han vil leiia konserten med fast hand.

Rune er utdanna trombonist frå Griegakademiet og har spelt med både Harmonien og Divisjonsmusikken.

- Etter eitt år saman har vi blitt godt kjende og vi set stor pris på hans musikalske leiing, og ikkje minst det gode humøret hans, fortel Aak Garlid.

- Ta med naboen eller andre kjente og tilbring ein hyggjeleg septemberkveld i Fjellheim saman med oss, avsluttar Kjersti Aak Garlid i Os musikkforening.

Konserten byrjar kl 17.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.