Kultur | 18. nov. 2011

Tek utfordringa

Laurdag er det Trolljegeren i steinbrotet på Ulven. 60 grader Nord utfordrar osingane til å kle seg ut.

Tek utfordringa
Andris Hamrefredag 18. nov. 2011 10:04

Laurdag klokka 19 visar 60 grader Nord den prisløna «Trolljegeren» i steinbrotet ved inngangen til Ådnadalen på Ulven. Til framsyninga kjem regissør André Øvredal for å motta heider og ære frå sambygdingane.

- I samband med arrangementet har vi lyst til å utlysa ein konkurranse blant tilskoderane.

- Premien blir to festivalpass til 60 grader Nord-festivalen i april, fortel PR-sjef Christoffer Kobbeltvedt.

Konkurransa er enkel. Kle deg ut i passande kostyme for filmen. Ein jury av regissøren og ordførar Terje Søviknes vil kåre dei to beste antrekka i samband med framsyninga.

«Trollkjerringene» kjem

Ei av dei som har teke utfordringa frå filmgjengen er banksjef Benedikte Toftesund i Sparebanken Vest.

- Vi er 6 damer som går i klubb i lag. Laurdag skal vi ha julebord, så då fann vi ut at vi ville stilla på film og kle oss ut før vi fortsett festen andre stader, forklarar Toftesund.

Saman med venninnene i «Små draumer vin og fasion» har ho funne fram ull og regnklede til å ha under kostymene.

- Vi gler oss stort. Det kjem til å bli trolsk og spennande, smilar «Trollmor» som håpar osingane vil setta opp om initiativet frå arrangørane.

- Vi treng slike spreke initiativ i bygda, så då må vi andre tørre å vera like spreke, oppmodar Toftesund.

Regnet gjev seg

Filmen byrjar klokka 19.00, men arrangørane oppmodar publikum om å vera på plass i halv sju tida. Frå klokka 18 vil det gå bussar for busstasjonen i Os sentrum. Dei som køyrer sjølv kan parkera på Rolls Royce ved Ulvensletta.

- Eg vil berre minne om at paraplyer ikkje er lov, og at det løner seg å ha gode sko eller støvlar. Vi er tross at i eit steinbrot med grus og søle, avsluttar Kobbeltvedt.

Vêrmeldinga for laurdag kveld melder 10 grader og opphaldsvêr på kvelden. Det skal regna fram til omlag klokka 18, men dette skal gje seg i følgje meldingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.