Sport | 04. juli 2011

Teken ut til nasjonal satsing

Os Turn-dommar Charles Whiteley er tatt ut i handballforbundet si satsingsgruppe. Det heile starta ei sein natt på facebook-chatten.

Teken ut til nasjonal satsing
Andris Hamremåndag 04. juli 2011 10:11

Medan han sat og arbeidde med ei skuleoppgåve seint på natta våren 2009 blei han kontakta av Andreas Daviknes Borge på facebook-chatten med spørsmål om dei skulle døma saman.

- Vi ville begge satsa på dommergjerninga, men hadde makkarar som ikkje ville det same, derfor blei vi einige om at vi skulle freiste saman i vårspretten i mai 2009, fortel Charles.

Samarbeidet var vellukka og dei to unge dommarane reiste rundt på turneringar på austlandet for å bli meir samkøyrde før seriestarten.

Eit eventyrleg år

Etter berre to sesongar saman har dei to opplevd meir enn dei hadde drømt om. Det heile toppa seg då dei blei teken ut til å dømme gutefinalen under Bylagsturneringa for 15 åringar i Stangehallen i februar.

- Finalen blei sendt direkte på TV2 Zebra, og vi fekk vite kvelden før at vi skulle dømme den.

- Eg fekk hjartebank og klarte berre å sove tre timar den natta, minnast Charles.

- Kampen gjekk bra, vi delte ut berre fire gule kort og fekk gode tilbakemeldingar på kampleiinga, smilar dommaren.

Eit anna høgdepunkt for det unge dommerparet var damefinalen i Fredrikstad Cup tidlegare i vår.

- Den hugser eg godt fordi det er det høgste finalen vi har dømt i år, og den gjekk til 7 meter-konkurranse.

Blir satsa på

Charles Whiteley er no saman med makkaren teken ut i handballforbundet si traineegruppe, og er dermed blant dei dommarane forbundet satsar på som komande eliteseriedommarar.

- Det er ei utruleg moglegheit som vi ikkje hadde i planane våre så tidleg i karriera, seier Charles.

Gjennom traineegruppa skal dei to ta dommar IV-utdanning og få sjansen til å visa seg fram for handballforbundet sine dommarsjefar gjennom ulike nasjonale samlingar.

- Det betyr jo òg meir oppfølging, fleire formelle krav og testar vi må igjennom, forklarar Charles.

Når ser vi dykk på TV-skjermen som dommarar i ein eliteseriekamp?

- He, he. Ambisjonane våre er å bli så gode som moglege, og vi siktar mot Postenligaen i eit langsiktig perspektiv. Kanskje i sesongen 2015/16, ler dommartalentet.

Han trur at om den gode utveklinga held fram så er ein debut i 1. divisjon damer i sesongen 2012/13 innan rekkevidde.

Lærar konflikthandtering

Charles starta karriera si som klubbdommar i Kalandseid hausten 2008, men gjekk til Os Turn då han meldte overgang som spelar i 2009.

Kva vil du seie til unge spelarar som kan ha lyst til å freiste dommertrøya?

- Eg ynskjer dei hjarteleg velkommen til å freiste det.

- Dei vil auka forståinga av spelet, lære seg å takla stressa situasjonar og læra mykje om konflikthandtering.

Det er ei kjempeerfaring å ha med seg både som spelar og etterkvart i yrkeslivet, trur den unge dommaren som på grunn av skadar la keeperkarriera på hylla.

Ber klubbane ta ansvar

Gode lommepengar er det òg for dei unge om dei dømmer meiner Whiteley, men han har ei klar oppfordring til klubbane.

- Still opp som veileiiarar og hjelparar på vegen. Det er alt for mange som fell frå fordi dei blir ståande aleine mot det mangehoda trollet som publikum, trenarar og spelarar kan opplevast som.

- Her har vi eit felles ansvar for å ta vare på dei unge dommarane, avsluttar Charles Whiteley.

Whiteley og makkar Borge er denne veka på ei av verdas største handballturneringar – Partille Cup i Göteborg. Målet er å få dømme ein av dei eldste finalane inne i Scandinavium – ei storstue med 10.000 tilskodarplassar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.