Sport | 30. mai 2012

– Telefonen ringer i eitt

Fisketida i Oslvo ser ut til å bli halvert i forhold til 2009. I går blei fiskekorta lagt ut for sal.

– Telefonen ringer i eitt
– Interessa har vore stor, mange venta på fiskekorta vi la ut for sal tysdag, seier Hallgeir Fosså. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. mai 2012 06:01

Startdato for årets fiske i Oselvo er førebels ikkje heilt avklart. DN (Direktoratet for naturforvaltnng) kom med forslag om start 15. juli i år, mot 1. juli i fjor, 15. juni i 2010 og 1. juni i 2009 og fleire av åra før.

Grunneigarlaget kjempar imot reduseringa, som er frå 15 til 8 veker på tre år. Ikkje berre grunna rekordfisket i fjor, men fordi dei meiner yngelsituasjonen er god og at DN baserer avgjerdene sine på feil grunnlag.

Les òg: Ikkje nøgd med nye fisketider

– Det er klage inne no, for andre gong. Vi har ikkje fått svar, og visst vi får endra tidene må vi gå ein ny runde med sal av fiskekort på opningsnatta og dei første vekene, seier ny leiar i fiskeutvalet i Os jakt og fiskelag, Kjell Mikkelsen.

God start likevel?

Førebels jobbar fiskeutvalet som om 15. juli blir ståande som startdato for årets fiske.

Søndag 20. mai hadde dei utlegg av fiskekort til medlemmane, dei med og dei utan utført dugnad, i går opna salet av fiskekort til gemene hop.

– Telefonen har ringt i eitt den siste veka, interessa ser ut til å vera veldig stor, seier Hallgeir Fosså hos MX Sport, som sel fiskekorta og kort til "Kremretten" lengre oppe i elva.

Så er det berre til å håpa på ein våt julimånad ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.