Test gav utslag på narkotika
Det er likevel foreløpig ikkje tatt beslag i førarkortet.
Fredag morgon var politiet ute hos ei bedrift som hadde hatt innbrot. Noko av tjuvgodset blei funne igjen på utsida.
I 09-tida fredag stoppa UP ein bil. Drugtest på bilførar gav utslag.
Bilførar blei tatt med til legevakt for blodprøve.
– Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet, då vi mistenker påverknad som tilsvarer lågpromille. Vi tar ny vurdering når resultat frå blodprøve kjem, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Laurdag morgon hadde politiet promilletest på E39 i Hjellemarka.
43 førarar blei kontrollerte, politiet fann ikkje noko å reagera på.
Laurdag i 23.30-tida blei det meldt om støy frå ein privat fest utanfor Os sentrum. Klokka 01.30 fekk dei pålegg av politiet å dempa seg.