Testar orkesteret
Janitsjarorkesteret til Os Musikkforening skal delta i ”Hordaamatøren” . Sundag er det "generalprøve", og då skal Os-dansarar testa programmet.


Janitsjarorkesteret til Os Musikkforening skal delta i korpskonkurransen ”Hordaamatøren” siste helga i oktober.
- Vi treng konserttrening med eit stort og flott publikum. Sundag klokka 19 vil vi framføra konkurranseprogrammet i Fjellheim, seier Ruth Elin A. Midtbø.
Den raude tråden i programmet er dans, så konserten blir stort sett med dansemusikk - i ulike sjangrar, frå sjarmerande skjergardsvals og engelske shanties til fyrrig spansk paso dobble .
Orginalskrive korpsmusikk blir representert gjennom ”Dance Prelude” av Claude T. Smith. Janitsjaren blir leia av orkesterets nye dirigent Rune Hannisdal.
- Når den raude tråden er dans så finn vi knapt betre alliert enn Os Swingklubb. Fire par skal dansa for oss, og dei skal blant anna ha ei oppvising i linedans, bugg og swing, fortel Ruth Elin, og ønskjer velkommen til ein swingande konsert.