Klokka 12 onsdag går alarmen "Viktig melding - lytt på radio" i om lag 1250 varslingsanlegg over heile landet. To av dei står på Os, men om dei er i drift er litt usikkert.
– Så vidt eg hugsar er det to signalhorn i Os, ein på den gamle brannstasjonen og ein på Os ungdomsskule.
– Men ta ein telefon til sivilforsvaret, foreslår varabrannsjef Arne Monsen.
Hos sivilforsvaret opplyser dei at det berre er anlegget på den gamle brannstasjonen som framleis er operativt og som blir testa onsdag.
Dette tydar meldinga
Om tyfonane fungerer som dei skal, får vi meldinga "Viktig melding - lytt på radio". Meldinga tutar i tre seriar med eitt minutt opphald mellom seriane.
Om du høyrer meldinga betyr det at du skal søka informasjon. Informasjonen om kva som skjer og korleis du skal forholda deg blir gitt gjennom ulike kanalar, til dømes radio, tv, kriseinfo.no og sosiale medier.
Signalet kan brukast både i fred og krig.
Når faren er over lyder signalet sammanhengande i eit halvt minutt.