Næringsliv | 26. mars 2010

Testklar på heimebane

Askeladden Pilothouse er frakta rett frå god mottaking på «Sjøen for Alle» til «Båtens Helg» i Askvik.

Testklar på heimebane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mars 2010 07:43

Bildeserie:

1 av 5

- Før messa var produksjonen fram til sommaren selt til forhandlar. Allereie etter tre messedagar hadde vi bestillingar som dekker produksjonen til godt ut i november, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Askeladden Pilothouse er nyaste skute frå Askeladden Boats. Båten kom direkte frå fabrikk til medda i Lillestrøm, der mottakinga var svært god.

Per meter og krone
Pris på båt med 100 hk Suzuki 4-takt kjem til å ligga på rett over 360.000 kroner. Magasinet Båtliv skreiv kort tid etter at messa opna at dette var mykje rimelegare enn kva som var venta. «Dette er ein flott båt som er godt standardutstyrt, ein av årets store utfordrarar i ein veksande marknad.»

- Det ser også ut til at vi har treft godt med prisen. Men det er ikkje det viktigaste, tilbakemeldingane går på at folk føler det er mykje utstyr og mykje båt, stor plass både inne og ute i forhold til lengda, seier Bergaas.

Les òg:
Lanserer lur heilårsbåt

Prøvekjøring i Askvik
Rett før jul heldt Askeladden-forhandlaren Båtens Beste si første aktivitetshelg, Båtens Helg. Med gode tilbod i nyopna butikk var det mange som trass i julestria fann turen til Askvik og snev av sommarstemning.

- No er vi så nær høgsesong at vi har lagt til rette for prøvekjøring av fleire modellar, blant anna Pilothouse, C6 og S6 Sport, fortel dagleg leiar Jonathan Dyrstad.

Båtens Helg startar i dag og varar til og med sundag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.