midtsiden

Tetta igjen - og skåra

Os var solide bak, og det var også forsvaret som ordna tomålssiger og det kinderegget det var å slå Løv-Ham 2.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før bortekampen mot Løv-Ham 2 i går snakka Hellevik om tre store motivasjonsfaktorar, revansje (Løv-Ham 2 er einaste lag som har slått Os i år), flott sigersrekke (med siger har Os slått alle laga i avdelinga på rad) og sjanse til å få ei luke på 10 poeng bak til Tertnes på 2. plass (Tertnes tapte sin kamp laurdag, 3-6 for Norheimsund).

Kinderegget blei sikra med 2-0-siger, mykje takka vera sterke prestasjonar i forsvar og i mål, og skåring av midtstoppar Einar Algrøy og høgreback Anders Glesnes.

- Det var ikkje spektakulært, men det var ein godt gjennomført kamp der Os viste disiplin og fornuft, meiner Midtsiden sin mann på tribunen, Roald Stigen.

- Fleire sjansar
Ifølgje trenar Frank Hellevik var Os litt upresise i starten.

- Vi mista ballen unødvendig nokre gongar, og mot det andrelaget vi møtte i går tok det litt tid å vinna ballen tilbake. Etterkvart som vi fekk konsentrasjonen på plass blei det betre, og laga bytte på lengre periodar med ballbesittelse.

Det sto 0-0 til pause, men begge laga hadde sjansar i første omgang.

- Vi hadde skot frå Tore, Stian, Tim og Frode som kunne gått i mål. Løv-Ham hadde Ørjan Låstad åleine gjennom med Halvard ein gong, men Låstad skaut utanfor. Med Låstad og Hellesund på topp skulle ikkje forsvaret vårt gjera mykje feil for å få noko imot, heldigvis var vi solide bak.

At Halvard Enes heldt nullen igjen gjer at Os ikkje har fått mål i mot sidan kampen mot Trio 13. juni (Os vann 2-1). Os har ein målforskjell på 38-9. Berre Tertnes har skåra meir (40), medan dei som er nærmast på baklengsmål har fått 21 imot (Tertnes og Norheimsund).

Sikra siger
Ein dødball etter skot av Christian Almeland hamna innan rekkevidde for Einar Algrøy (bildet), som gav Os 1-0 leiing rundt 15 minutt ut i 2. omgang.

Så fekk Efe sitt andre gule kort etter duell med Tim Henrik Sperrevik. A-lagsspelaren brukte fleire minutt på å koma seg av banen, trass i at dommaren blåste i fløyta for å auka tempoet fleire gongar og Løv-Ham-trenaren kjefta frå sidelinja.

Eit angrep langs høgrekant, der ballen var innom midtbanen og blei sendt vidare av Tore Valvik enda i mål etter eit praktskot av Anders Glesnes i cirka 70. minutt.

Os vann 2-0. Os vann også tribunen, rundt 60 tilskodarar frå Os fekk med seg bortekampen.

- Eg hadde håpa på endå fleire enn fire A-lagsspelarar på motstandarane sitt lag i dag, men dette var likevel ein god test som vi besto. Frode Buvik var vår beste mann i dag, meiner Hellevik.

Spelarbørs
(Av Road Stigen)

Desse spelte frå start: Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Torkel Hjertnes, Christian Almeland og Tim Henrik Sperrevik.

Byte: Erik Kanestrøm for Hjertnes (65), Ramo Racic for Valvik (70) og Baste Jonassen for Osebakken (80).

Halvard Enes: 6
Anders Glesnes: 4
Einar Algrøy: 7
Per Søgnen Merai: 6
Remi Osebakken: 4
Stian Lunde: 6
Tore Valvik: 5
Frode Buvik: 7
Torkel Hjertnes: 5
Christian Almeland: 4
Tim Henrik Sperrevik: 6

To av innbytarane spelte nok til at Stigen vil gje karakter på innsatsen:
Ramo Racic: 5
Erik Kanestrøm: 4

Os spelar neste kamp på heimebane laurdag klokka 15. Då kjem Nordhordland på besøk. Os vann 3-2 borte i vår, Nordhordland ligg no nest nedst på tabellen med 11 poeng.

SJÅ TABELL

Fleire saker