To thrillarar

Os 2 og gutelaget til Os spelte kvar sine jamne og spennande kampar torsdag. Ingen av dei gjekk i Os sin favør.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os 2 tapte kvartfinalen i B-sluttspelet 0-1 for Åsane, og gutelaget spelte 0-0 mot Clausenengen, men tapte kampen etter skåring då det sto 30 sekund igjen av andre ekstraomgang i 16-delsfinalen.

- Vi var litt uheldige i dag, hadde flest sjansar, men fekk mål imot då det sto 10 minutt igjen, seier trenar Leif Gunnar Borgen om andrelaget til juniorane sin kvartfinale mot Åsane.

Då det blei dømt offside på ein retur som Stian Dale skaut i mål to minutt før slutt var alt håp ute for osingane.

Snytt for straffe
Gutelaget fekk ei gjørme av ei tidlegare grasmatte å spela på, då dei møtte Clausenengen til 16-delsfinale i A-sluttspelet i ettermiddag.

- I andre omgang hadde Fredrik Heggland ein kjempesjanse. Åleine med keeper runda han siste mann, fekk ballen forbi, men blei tatt. Dessverre fekk vi ikkje straffe på denne, seier trenar Vidar Bahus.

De sto 0-0 etter ordinør tid, og etter første ekstraomgang, men 30 sekund før slutten av andre ekstraomgang klarte motstandarane frå Kristiansund å skåra på ein corner, så då var gutelaget også ute.

- Gutane har levert langt betre enn venta her borte, og kan vera stolte av seg sjølv.

- Både innsats og stil har vore betre enn noko vi har sett av dei før, noko spelarane sikker også har oppdaga, og som truleg har gjeve meirsmak. Eg ser fram til å sjå same innsats utover hausten, seier Bahus.

Førstelaget til juniorane er einaste lag frå Os som framleis er vidare i Norway Cup. Dei spelar 8-delsfinale mot Fana klokka 19 torsdag kveld.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11