Sport | 16. juni 2011

Thrillergolf på Bjørnefjorden

Sverre Marelius tapte omspel, Solveig Helgesen var suveren blant damene då GolftourHordaland blei arrangert på Bjørnefjorden.

Thrillergolf på Bjørnefjorden
Andris Hamretorsdag 16. juni 2011 07:23

Det blei ein thrilleravslutning då GolfTourHordaland (GTH) besøkte Bjørnefjorden Golfklubb i pinsen. Etter 36 hol stod det heilt likt mellom Jarand E. Arnøy (Fana GK) og Sverre Ø. Marcelius (Bjørnefjorden GK). Dei måtte ut i omspel for å kåra helgas vinnar. Til slutt vart det junioren Jarand E. Arnøy som trakk det lengste strået og kunne jubla for sigeren.

Bjørnefjorden Golfklubb hadde værgudane på si side, og då golfbana byrjar å bli bra etter vinterens «favntak», blei det òg vist golf av tildels høg klasse.

Tre i tet

Etter første dag låg 3 spelarar i delt leiing med 2 slag over banens par (70 slag brutto). Dei tre var Jarand Ekeland Arnøy (Fana GK), Øystein Engevik (Meland GK, tidligare Bjørnefjorden GK) og Bjørnefjorden sin eigen Head-Pro Sverre Marcelius. 3 slag bak desse lå Andreas Lloyd Aronsen (Fana GK) og ytterlegere 2 slag bak låg Bengt Tore Olsen (Bjørnefjorden GK).

Solveig suveren

I dameklassa var Solveig Helgesen (Bjørnefjorden GK) i ei klasse for seg med 9 slag over banens par (77 slag) etter den første dagen. På plassen bak kom Randi Espeland Østvik (Voss GK).

På sundagens runde var Solveig Helgesen igjen suveren, og gjekk på 70 slag, 2 slag over banens par. Med det satte ho ny ”uoffisiell” banerekord for damer.

«Alex» best

På dag 2 gjekk Alexander Heggland dagens beste runde på 70 slag (2 slag over par) og klatra med det opp til 5 plass etter endt turnering.

Omspel

Sundag gjekk dei 3 spillarane som lå glikt etter første dag samen ut som dei 3 siste spelarane i turneringa (lederball). Alle 3 fortsatte det gode spelet frå dagen før. Etter 18 hull, låg Arnøy og Marcelius fortsatt likt, begge med 72 slag, 6 slag over banens par totalt. Engevik låg no slaget bak, og var ute av vinnarkampen.

Arnøy og Marcelius måtte tilbake på utslaget på Hol 18 for å forsøke å kåra ein vinnar av turneringa.

Båe starta med dårleg utspel – nervene spelte sikkert båe eit puss. Arnøy slo sitt utslag litt for kort, og trudde sikkert at hans sjanse var over. Men Marcelius slo eit dårlegare utslag og ballen hamna bak eit tre ved greenen. Då han missa innspelet mellom greinane i treet, låg vegen open for Arnøy, som med ein bogey (1 slag over par) kunne innkassera turneringssigeren.

På topp

Etter 3 turneringar ligg Sverre Marcelius på topp av Order-of-Merrit-lista for GolfTourHordaland, medan Jarand E. Arnøy med siger i dei to siste GTH turneringane ligg på plassen bak.

Hole-in-one

Helgens lykkelegste spelar var kanskje Harry Skage frå Bjørnefjorden GK, som på laurdagen klarte å slå «Hole-in-One» på hol 9 – ein stor prestasjon for einkvar golfspelar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.