Sport | 15. juli 2012

Thuen fekk to

Sesongens første? Tor Åge Thuen fekk to fine laksar i løpet av opningsnatta i Oselvo.

Thuen fekk to
Tor Åge Thuen med to laksar på 5,5 og 6,5 kilo. Den største blei tatt først, klokka 02.10 opningsnatta i Oselvo. (Privat mobilfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2012 10:20

Ved midnatt gjekk startskotet for årets fiske i Oselvo, to veker seinare enn i fjor.

Det var lite vatn og få fiskarar i elva frå start i natt, men det gjekk ikkje så lang tid før enkelte hadde laks på land.

– Eg fekk den første klokka 02.10 i natt, ein laks på 6,5 kilo, fortel Tor Åge Thuen.

Han var og fiska i Kremretten saman med Hallgeir Fosså og tilskodar Tim Henrik Sperrevik.

Tre kast - tre napp

– Litt ut på morgonen blei det tre napp på tre kast, først ein laks som eg mista, så ein brunaure eg kasta ut igjen og så ein laks til, fortel Thuen nøgd.

Laks nummer to vog 5,5 kilo og blei tatt klokka 05.30.

– Vi fiska ved badehølen i Kremretten. Sjølve hølen hadde for lite vatn, men i skummet over og under var det fisk å få, avslører han.

Årets Oskar?

Årets "Oskar" går til den i Os Jakt og Fiskelag som får sesongens første laks.

Verken Midtsiden eller andre fiskarar vi har snakka med kjenner til tidlegare (eller andre) fangstar enn Thuen sine to opningsnatta.

– Eg har ikkje oversikt enno, men kjem tilbake når eg veit meir, seier leiar i fiskeutvalet, Kjell Mikkelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.