Fotball | 28. sep. 2011

Thuen sterk på topp

Etter to bortesigrar på rad, og Linn Helen Thuen i storform, er Os klare for å ta full pott på heimebane til helga.

Thuen sterk på topp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2011 07:38

Damelaget til Os, som speler i 4. divisjon, hamna på 2. plass i avdelinga si til sommarferien. Det gjorde at dei blei blant dei fire som hamna i toppa haustavdeling saman med seks lag frå naboavdelinga.

Starten på hausten blei tøff, Os tok berre eitt poeng på dei fire første kampane.

–Hausten plar vera tøff for oss, vi mister ofte spelarar som reiser vekk på skule. I fjor sakna vi 8-10 spelarar då haustsesongen starta, i årets haust har vi hatt 6 spelarar som anten har reist vekk, slutta eller vore sjuk, seier trenar Rune Balland.

– Men dei som er igjen står veldig på og det er berre kampen mot Bønes vi hadde sterkare motstand. I dei andre meiner eg vi var meir enn god nok til å vinna, men stor sjanseproduksjon er ikkje alltid det same som mål og siger.

Suveren toppskårar

Linn Helen Thuen, toppskåraren som hadde eit langt opphald frå fotballen grunna sjukdom, har spelt heile sesongen og verkeleg funne formen igjen.

– Linn Helen stiller til kamp med tæl og innsats som er sjeldan å sjå. Og ho har funne tilbake storformen, til no i år har ho skåra heile 22 mål for oss.

Keeper Jeanette Kallekleiv har vore ein del fram og tilbake denne sesongen, og har ikkje vore med i haust.

– Men det har Therese Hjelle og Amalie Lindborg Bøyum. Dei to har skifta på å stå i mål og dei har vore veldig trygge. I fleire periodar der vi har vore svake er det dei som har halde oss inne i kampen.

Møter NBK på Kuventræ

Laga i haustavdelinga fekk med seg poenga dei tok mot kvarandre i vår. Os ligg på 4. plass med 16 poeng etter 4-1-siger over Radøy/Manger og 5-1-siger over Austevoll/Selbjørn, begge på bortebane.

Søndag (kl 16) tar Os imot NBK/Eikanger/Kvernbit til tredje siste runde og nest siste heimekamp for sesongen.

NBK hamna på plassen bak Os i vårsesongen, men Os vann 4-1 på bortebane.

Tabell, 4. div avd 1 haust

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.