Lokal | 07. feb. 2017

Ti dagar med sol og kuldegradar

Det er meldt stabilt vintervêr til godt over helga. To dagar kan bli meir skya enn dei andre.

Ti dagar med sol og kuldegradar
Soloppgang i Os i dag, sett frå Hamnevegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. feb. 2017 09:07

Etter ei helg med fint vêr på dagtid, men regnbyger på kvelden, starta denne veka med overskya, men opphaldsvêr.

Tysdag var skyene vekke og termometeret var over på blåfargen - og sånn skal det halda fram så langt vêrmeldinga går.

Fredag og laurdag kan bli overskya

Temperaturen er venta å halda seg frå 3 minus på natt til 2-4 plussgradar på ettermiddagane.

Vindstyrken er meldt å ligga på 4-5 ms tysdag og onsdag, men skal løya til 2-3 til helga.

Torsdag skal det gå frå skyfritt til lettskya, fredag og laurdag kan bli oveskya.

Frå søndag og ut i neste veke skal det bli skyfri himmel igjen.

Kjelde: Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.