Tid for marsj!
Mange kan få merke: Til helga er det berre å henta fram turskoa, då er det klart for den 34. Ulvenmarsjen.
Sidan 1979 har Søfteland Turn og IL arrangert Ulvenmarsjen, den 14 kilometer lange turmarsjen rundt Ulven.
Til helga er det marsj igjen.
7000 turgåarar
Det er mange som har hatt glede av marsjen gjennom åra, rundt 7000 ulike personar har vore med.
- Det er stort sett lokale innbyggarar som deltar, men vi har rundt 10 prosent utanbygds frå òg, seier Erling Andersen, Ulvenmarsjen sin primus motor.
- Det er rundt 500 deltakarar kvart år, og vi håper på same oppslutnad i år òg.
2 kan få 25-årsmerke
Arrangørane deler ut utmerkingar for deltakarar som har gått marsjen mange gongar eller fleire år etter kvarandre, anten det er 10, 15, 20, 25 eller 30 år.
I år er det ingen som kan gå for 30-årsmerket, men 2 deltakarar kan oppnå 25-årsmerket.
Det er 3 som kan gå for 20-årsmerket, om dei stiller, og 6 deltakarar både for 15- og 10-årsmerket.
Snart 35
Neste år er Ulvenmarsjen 35 år.
- Då er det 9 personer som har moglegheit å få utmerking for 35 år som trufaste deltakarar, seier Andersen.
Ulvenmarsjen nærma seg òg eit rundt tal for startande totalt. Andersen trur ikkje det skjer i år, men snart kan dei feira startande nummer 20.000.
I desse internettider...
Som vanleg er det innlagt ein kunnskapkonkurranse i marsjen. Det er 6 spørsmål med 3 alternativ på kvar.
-Vi har fått oss ei utfordring no i desse internettider. Det blir vanskelig å få til spørsmål som ikkje alle kan klikka seg fram til svaret på på smarttelefonen.
– Men vi skal gjera så godt vi kan med å gjera spørsmåla "internett-uvenlege", fortel Andersen.
Så er det berre å håpa på at vêrgudane er i godlynne til helga.