midtsiden

Tidenes skuleutbygging i Os

LESARINNLEGG, Terje Søviknes: Det manglar harde fakta i Neverdal sine dommedagsprofetiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Eirik Neverdal (TVS) skriv nok ein gong om yndlingstemaet sitt, finansporteføljen, i eit lesarbrev i Midtsiden 4. juni.

Mannen som i si tid omtalte Osbadet som ”alle tiders største katastrofeprosjekt i kommunen”, er no frampå med nye domedagsprofetiar. 

Neverdal hevdar at FrP/H driv ”finansspekulasjon” og ”gambling” med innbyggjarane sin pengar, men hoppar som vanleg galant over dei harde fakta.

Det er rett at vi kunne unngått papirtapet i porteføljen på 32 mill kr i 2008, om vi hadde seld oss ut av marknaden før finanskrisa. Men då hadde vi også gått glipp av oppturen med 27 mill i positiv avkastning i 2009 og 13 mill i 2010! 

I snitt har Os kommune hatt 7,4% årlig avkastning på finansporteføljen frå denne vart etablert i 2003 og fram til i dag (kjelde; Grieg Investor 2010). Det er godt over gjennomsnittlig lånerente i perioden som er ca 3,4%. (NIBOR 3 mnd).

Er dette uansvarlig spekulasjon og gambling? Avkastninga i finansmarknaden har gjennom desse åtte åra faktisk gitt oss meir en dobbelt så høg avkasting i forhold til om vi hadde nytta kapitalen til nedbetaling av gjeld!

Nei, FrP/H gamblar ikkje, - vi held fast på vår lovnad frå 2001 då BKK-aksjane og Oskraft AS vart seld. Hovudkapitalen skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv, med ei høgast mogeleg avkastning og til gitt risiko, slik at midlane kjem både noverande og framtidige generasjonar av osingar til gode.  

Ein ting er vi samde om; - barn og unge er framtida. I Skulebruksplanen som nyleg vart samrøystes vedteken i kommunestyret slår vi difor fast at krinsskulane skal bestå, og at vi står framfor tidenes utbygging og rehabilitering av skular i Os. 

Alle parti har røysta for vel  220 mill kroner til skuleinvesteringar dei neste 4 åra! Korleis kan Neverdal då hevde at TvS satsar meir på skule enn FrP/H, eller dei andre partia i kommunestyret for den del?

Nei, Neverdal freistar nok ein gong ein lettvint ”frekkas”, og later som om alt vil bli så mykje betre om Os kommune sel finansporteføljen for å betala ned gjeld. Slik er det sjølvsagt ikkje. 7,4% årleg avkastning på finansporteføljen er vitterleg høgare enn 3,4% i lånerente!

Fremskrittspartiet går til val i haust på å realisera tidenes største utbygging og rehabilitering av skular i Os. Ny ungdomsskule skal stå ferdig på Nore Neset i 2013, parallelt med at Os ungdomsskule vert modernisert og rusta opp.

I tillegg skal både Hegglandsdalen skule, Halhjem skule, Kuventræ skule og Lysekloster skule byggjast ut/rehabliliterast.

Vi har tidlegare vist handlekraft i større byggeprosjekt – noe er det skulane sin tur, om du gjev oss fornya tillit i september!

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar, Os kommune

Fleire saker