Tidleg sesongstart på Havnechefen-taket
Nytt samarbeid skal sørgja for auka bruk av den romslege takterrassen.
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Havnechefen har hatt få gjestar etter at smitteverntiltaka mot koronaviruset blei trappa opp fredag 13. mars, men kokken Frank Vasby Bruarøy har i samarbeid med cateringfirmaet Peterkokk ved Peter Moesgård gjort stor suksess med takeaway.
– Vi har samarbeidd før, og sto midt i produksjon til eit stort arrangement då skulane blei stengde og alle arrangement blei avlyste. Vi har vakum-maskin, og eg og Peter bestemte oss for å testa om det var marknad for ferdige middagar til utlevering, fortel Frank.
Allereie laurdag 14. mars gjekk dei første porsjonane med ferdiglaga middag ut dørene, avkjølt og vakumpakka, så folk enkelt kan varma dei opp heime anten same dag eller nokre dagar seinare.
– Fleire ulike rettar har slått godt an, frå fiskegrateng til 40 kilo fiskekaker på éin dag. Raspeballar om torsdagane har på det meste selt 250 porsjonar, tapas i helgene var oppe i 300 på éin dag.
– Vi har laga tapas i ulike variantar, og no er det ikkje lenge til vi tar nokre dagar med sushi, lover Frank.
Hyra inn Catten-personale
Målet var å starta utkøyring, men det har blitt travelt i produksjonen, og det har fungert fint med henting. Frank og Peter våga ikkje å ta fri i påsken heller. Då det etter påske kom meldingar om strålande vêr, fekk dei lyst å opna den populære takterrassen.
– Vi har ikkje alltid vore raske nok med å opna denne, men det krev også sitt. På dei finaste dagane er det normalt ekstra travelt i restauranten på gateplan, mens vi på taket treng stødige hender både i baren og til rydding.
Mens restaurantar kan halda ope, er pubar og nattklubbar stengt. Havnechefen har tidlegare samarbeidd med Catten Nightclub og Baronessen på ulike arrangement, som Torgfest og Oktoberfest, og har halde dialog med innehavar Bjarte Andersen gjennom koronakrisa.
– Vi gler oss til å opna Catten og Baronessen igjen, i mellomtida er det veldig kjekt å møta gjestar igjen, seier Bjarte Andersen.
Fullt tak - på god avstand
Andersen hadde med seg kollegaene Mai-Britt Grimen og Tom-André Hjelle Nytræ for å styra baren på Havnechefen-taket laurdag.
– I denne omgang er vi engasjert av Frank og Peter. Når koronakrisa er over kan dette samarbeidet halda fram i regi av Catten. Det kan bli eit fint supplement for våre tilsette, å ha nokre timar vakt utandørs hos naboen over vegen, før kvelden set inn for fullt hos oss.
Teamet frå Catten var på plass fredag for å rigga opp taket, og for å innreia restauranten med passeleg avstand mellom borda.
Kapasiteten er normalt 90 personar, i går var 30 maks. Det blei kontrollert at folk på same bord var frå same husstand, elles måtte det leggast inn god avstand også internt på bordet.
I 15.30-tida var 27 av 30 sete opptatt. Samtidig var det spisande gjestar på 3-4 bord på uterestauranten nede.
– Vi har tatt imot gjestar i heile perioden, parallelt med takeawayproduskjonen, men ikkje så mange som i dag. Det var kjekt å få litt liv på huset igjen, og det kan bli ein lang og god sesong på taket vårt når vi no kan henta forsterkingar frå Catten.