18. januar blir det vernissasje på Vedholmen Galleri. Kunstnar Yngve Reidar Vold held separatutstilling med litografiar.
– Tidlegare har vi ikkje opna galleriet før i februar, men vi er jo eit heilårsgalleri så då er det på tide vi held ope heile året, seier gallerist og kunstnar Vibeke Harild.
Rekordår
Vedholmen Galleri, som starta opp for 13 år sidan i Søre Øyane, har hatt eit godt år i 2013.
- Våren hadde vi publikumsrekord, og hausten, då det plar vera rolegare, var den beste hausten på 13 år, seier Harild nøgd.
I 2013 fekk dei og eit ekstra rom tilgjengeleg slik at dei no har meir plass til sal av kunstnerisk arbeid, utanom utstillingane.
- Det vil sei at vi har løpande kommisjonssal av dei 22 kunstnarane som er fast knytte til galleriet.
Vold, som er første kunstnar ut i 2014, har utdanna seg på Statens Kunsthøyskole i Oslo, der han også nyleg har busett seg etter to år i Bergen.
- Det er få i dag som reindyrkar litografiet som Vold gjer.
- Motiva hans kretsar ofte kring det stemningsfulle som oppstår i dei seine og magiske sommarnettene, fortel Harild, som gler seg til å få Yngve Reidar Vold på besøk for første gong.
Fullbooka
- Vakre, melankolske landskap har alltid stått sentralt i Vold sin produksjon, men i dei seinare åra har òg det menneskelege element fått ein stadig større plass i bilda hans.
Saman med Vold si utstilling kjem Vedholmen Galleri til å ha totalt 8 utstillingar i 2014, og allereie no er planen for året fastlagt.
- Utstillingane rommar både maleri, litografi, keramikk, grafikk, glass og skulptur.
- Og så har vi jo galleriets kunstnarar si kollektive utstilling og juleutstillinga vår, så hos oss er heile året booka, avsluttar Harild.