Lokal | 22. jan. 2014

Tidlegare tilsette fekk sjå stasjonen

– Vi gav oss visst i brannvesenet litt for tidleg, sa nokre herrar i 80-åra som fekk foredrag og omvising på den nye brannstasjonen.

Tidlegare tilsette fekk sjå stasjonen
Varabrannsjef Arne Monsen på omvising med ei av to grupper tidlegare tilsette i Os brannvesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. jan. 2014 21:17

Bildeserie:

Tidlegare varabrannsjef i Os, Tor Lunde, saman med Einar Gjessing. (Foto: KVB)
Tidlegare varabrannsjef i Os, Tor Lunde, saman med Einar Gjessing. (Foto: KVB)
Arne Monsen svitsja frå bilde til bilde medan Gjessing fortalte. (Foto: KVB)
Arne Monsen svitsja frå bilde til bilde medan Gjessing fortalte. (Foto: KVB)
Veteranar i fleire aldrar takka ja til invitasjonen. (Foto: KVB)
Veteranar i fleire aldrar takka ja til invitasjonen. (Foto: KVB)
Gjessing viste bilde av dei største brannane i Bergen. (Foto: KVB)
Gjessing viste bilde av dei største brannane i Bergen. (Foto: KVB)
Så var det omvising. (Foto: KVB)
Så var det omvising. (Foto: KVB)
Gjestane blei imponert over utstyrsparken. Her er brannvesenet sitt varmesøkande kamera. (Foto: KVB)
Gjestane blei imponert over utstyrsparken. Her er brannvesenet sitt varmesøkande kamera. (Foto: KVB)
Slangevaskar er også litt luksus. (Foto: KVB)
Slangevaskar er også litt luksus. (Foto: KVB)
1 av 7

Brannsjef Stein Gjøsund og varabrannsjef Arne Monsen er framleis engasjert og stolt over den nye brannstasjonen på Moberg, eit år etter innflytting.

Les òg: Borghild (79) prøvde stanga

Opningsfestar har det vore fleire av, men måndag blei det ein kveld det kan bli fleire av.

– Vi ville visa tidlegare tilsette den nye stasjonen og organiserte samtidig eit foredrag, fortel Gjøsund.

– Der vi var heldige å få tidlegare brannsjef i Bergen, Einar Gjessing, til å fortelja om brannar i Bergen dei siste 200 åra.

Brannvesenet vs tyskarane

Gjessing fortalte i detalj om dei største brannane før og etter verdskrigane og fletta fint inn fine røvarhistoriar knytt til ulike episodar.

– Det var ei stund ei spent stemning mellom brannvesenet i Bergen og tyskarane, den eine ville visa den andre korleis brannar skulle sløkkast.

Den tidlegare brannsjefen viste bilde og måleri frå fasadar i Bergen og frå brannar i hus og båtar, nokre av dei etter eksplosjonar.

Stor garasje og mykje utstyr

Etter foredraget delte Gjøsund og Monsen gruppa i to og tok kvar sin gjeng med seg på omvising på stasjonen.

Monsen starta i garasjen og fortalte om brannvesenet sine ni kjøretøy.

– Her er noko som er nytt for dykk, sa Monsen og viste overtrykksvifte som røykdykkarane bruker for å jaga ut røyk så sikta blir betre. Og så viste han det varmesøkjande kameraet.

– Det var nokre karar som sumde i eit vatn i Os, som politiet ville ha ein prat med. Vi fekk plukka opp to av tre. Han tredje ville politiet også veta kvar hadde gjort av seg, og han såg vi lett med varmesøkjande kamera, der han gøymde seg i sivet langt unna, fortalte Monsen for å illustrera ulike bruksområde for kameraet.

Unge og eldre

Blant drygt 20 inviterte gjestar var det både yngre menn med bakgrunn i Os brannvesen og pensjonistar og veteranar på over 80 år.

– Eg starta på 50-talet. Sidan eg og ein kollega budde i Stegen, rett bak gamlestasjonen, var vi alltid først på plass, fortel Olav Haugland.

Etter omvisinga, der han fekk sjå alt det nye utstyret, var han imponert over kva Os brann- og redningsteneste har av fasilitetar.

– Vi fekk lite midlar, i periodar hadde vi problem med å få rådmannen til å spandera batteri til lommelyktene våre.

– Men vi sløkte brannar vi òg, seier Haugland med eit lurt smil.

– Dette var veldig kjekt, og det såg ut som om gjestane koste seg mykje. Dei er framleis ein av gutta, og vi ser føre oss at dette er noko vi kan gjera ein gong i året, invitera tidlegare tilsette til ulike foredrag, seier Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.