Lokal | 23. nov. 2012

"Tiger" tok turen til Strøno

Osingen Tiger, som har vore sakna sidan august, har no kome heim etter langtidsferie på Sørstrøno.

"Tiger" tok turen til Strøno
Etter langtidsferie på ei øy ved sjøen kan Tiger no strekka seg på sofaen heime på Os igjen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. nov. 2012 11:51

– Vi hadde byrja å sjå oss om etter ein ny katt då dei ringte frå dyreklinikken, fortel Helga Tønjum.

Hannkatten "Tiger" har stort sett halde seg rundt heimen ved Kuven stasjon etter at han for halvtanna år sidan blei kastrert. Men i august tok han turen.

Familien Tønjum etterlyste Tiger i avisene og med plakatar på daglegvarebutikkar og på Osøyro Dyreklinikk.

Annonse i oktober om funnen katt på Strøno reagerte dei ikkje på, for katen var ikkje skildra heilt som dei sjølv ville ha skildra han, dessutan er avstanden stor frå Os til Strøno.

Tatt godt hand om

– Ein familie som bur på Sørstrøno var på Osøyro Dyreklinikk for å vaksinera katten, for andre gong, då dei la merke til lappen vår på tavla deira.

Tiger dukka opp i Sørstrøno tidleg i oktober.

– Eg kjørte ned på dyreklinikken med det same eg fekk meldinga. For å vera heilt sikker på at dette var vår katt ville eg sjå han dagen etter også, i dagslys, og på besøk i Sørstrøno såg vi med ein gong at dette var vår katt.

– Eg set stor pris på desse som har tatt så godt vare på katten vår, det var godt å få Tiger heim igjen, seier Helga Tønjum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.