Lokal | 27. nov. 2017

Til arresten etter slåstkamp

To menn i 20-åra blei tatt med amfetamin, to menn i 30-åra hamna på legevakt etter slåstkamp.

Til arresten etter slåstkamp
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. nov. 2017 08:34

I 3-tida natt til søndag rykte politiet ut til ei privat adresse etter melding om slåstkamp.

– To menn på staden hadde begge slått og blitt slått. Ingen var alvorleg skadd, men éin av dei var til legevakt for sjekk.

– Han andre blei tatt med, via legevakt, til arresten, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Seinare avhøyr avgjer kva som skjer vidare i saka.

• Les òg: Ei natt med lause hundar (natt til laurdag)

To menn tatt med narkotika

I løpet av natt til laurdag blei to andre menn, begge i 20-åra, stoppa av politiet i Os sentrum.

– Dei blei kontrollerte og det blei funne narkotika, truleg amfetamin, på dei to.

Begge erkjente forholdet.

Stoppa utan førarkort - igjen

Laurdag formiddag hadde politiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen med promilletest.

Alle dei 30 kontrollerte var edru.

Søndag formiddag stoppa dei ein bilist på Søfteland. Bilførar var edru, men har ikkje førarkort.

– Mannen er meldt. Det er ikkje første gong han er stoppa utan førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.