Sport | 02. juni 2017

Til Arvika med finjustert understell

Jarle Nytræ og resten av CircleX køyrer andre runde i RallyX Nordic i morgon.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juni 2017 10:47

Bildeserie:

(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
(Foto: CircleX/CooperKinetix)
1 av 4

Team CircleX, med Jarle Nytræ, Frode Holte og Ramona Karlsson, er klar for 2.runde i RallyX Nordic på Westombanan i Arvika den 3.juni.

• Les òg: Svenske Ramona i team med osing

Det ble litt stang ut i sesongopninga, men sidan sist har Jarle teamet hans brukt tida godt.

– Bilen har vore gjennom ein del endringar på oppsett av understell, og det ser lovande ut før andre runde, seier Nytræ.

Han har auka bemanninga med fleire bilglade og dyktige personar inn mot årets sesong. Fleire nye sponsorar og samarbeidsavtalar er på plass, både lokale og regionale.

30 personar på høggir i teltet

Arbeidsoppgåvene er mange utanom sjølve køyringa.

– Det er høgt tempo og god stemning når 30 personar fordelt på tre rallycrossteam i CircleX både skal mekka, føra skjema og ha frukost, lunsj og middag saman.

CircleX har òg med seg den britiske actionfotografen CooperKinetix. Ho fotograferer og filmar i paddock (telt/depot) og sjølve løpet. CooperKinetix sørgjer òg for å halda facebooksida til CircleX oppdatert med både film og foto.

Heile løpet kan du følgja på SVT play si direktesending.

Travel juni

Juni er ein travel månad med to løp i Sverige på to veker.

I tillegg skal teamet delta på eit arrangement.

Om bilen til Nytræ:
VOLVO C30 SUPERCAR. Bilane i supercarklassen ser gjerne like ut som dei sprekaste du ser langs vegen, men det er berre på utsida dei ser like ut. Rallycrossbilane har enorme krefter og høgt dreiemoment i forhold til andre biler, her er det «mann mot maskin» - ingen form for tekniske hjelpemidler som antispinn, antiskrens, automatgir eller liknande.
• 600 HK/900 nm dreiemoment 8.000 rpm
• Firehjulstrekk, manuell gir
• 0-100 kmt/1.9 sekund

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.