Til byen med mobilen
...men berre om du reiser frå Søfteland. Skyss innfører moglegheiten med å kjøpa billett ved hjelp av mobil-app.

Onsdag 23. januar lanserte Skyss mobilbilletten. Om du lastar ned gratisappen frå App Store eller Google Play kan du no enkelt kjøpe bussbilletten uten å trenge kontantar.
Men, det gjeld berre om du er innanfor Sone Bergen, som strekk seg til og med Søfteland sørover. Osingar som reiser frå andre stader i kommunen må framleis kjøpa billett på vanleg måte.
- Det er fordi vi har lagt vekt på å laga ein enkel, sikker og brukarvennleg app.
- Når det no blir innført påstigningsbillett i sone Bergen meiner vi appen vil hjelpe med å ta unna den ekstrabelastninga dette vil medføre, fortel fylkesordfører i Hordaland Tom Christer Nilsen.
Kan bli utvida
Nilsen held moglegheiten for at mobilbilletten også kan bli utvida til å gjelde utanfor Sone Bergen open.
- Per no anser vi behovet som mindre utanfor Bergen.
- Men, vi vil sjølvsagt sjå på moglegheitane for å utvida ordninga etter å ha testa det ut og fått tilbakemeldingar frå brukarane, forklarar fylkesordføraren til Midtsiden.
Fordelane i følgje Skyss
Mobilbillett forenklar kollektivreisa ved å auke tilgjengeligheit for billettkjøp før reisa. Du treng ikkje være i nærleiken av ein billettautomat, og du treng ikkje ha kontantar tilgjengeleg for å kjøpa mobilbillett.
Det er viktig for ein raskare avvikling av kollektivtilbudet at vi får flytta salet av enkeltbillettar ut av bussane. Mobilbillett vil kunne bidra til å få ein hurtigare av- og påstigning. Auker vi andelen førehandskjøpte billettar vil bussane køyre meir på vegen og stå mindre på haldeplassane.
Mobilbillett vil kunne bidra til å redusere kontanthandtering om bord i bussane, noko som vil gjera sjåførane sin situasjon tryggare.
Du kjøper mobilbilletten før du går om bord og betalar med enten bankkort (Visa og Mastercard), mobilkonto (påfylla med bankkort eller via nettbank på førehand) eller via telefonrekning.