Kultur | 07. nov. 2012

Til byen for å tøffa seg

Os Rock City goes Garage 2012: Os Rockeklubb gjentek suksessen frå i fjor og reknar med å fylle Garage 24. november.

Til byen for å tøffa seg
Kjetil Osablod Grønvigh (som prøvar å snike seg unna bildetoppen med å gøyma seg bak paraplyen), Even Hjertaas, Ørjan Setvik og Hilde Moberg i Os rockeklubb goes Garage 24. november (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 07. nov. 2012 20:03

Då Os Rockeklubb inviterte til fest og konsert på Garage i fjor haust fylte dei huset med meir enn 250 tilskodarar og tømde baren for enkelte drikkevarer.

- Garage blei heller paff då dei såg korleis osingane kunne festa og spela.

- Difor var det ikkje tvil i deira munn då vi lurte på om vi skulle gjera det på nytt i år, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, leiar i Os Rockeklubb.

Mykje fett som skjer

Laurdag 24. november tek rockeklubben med seg (i alfabetisk rekkjefølgje) Abstractium, Bone Shakers, Cockroach Agenda, KingCalling og Pink Disease til Garage for å blåse murpussen av veggane og syne hippsterane frå byen korleis ein skal festa.

- Det er så mykje fett som skjer på bandfronten på Os at vi må jo visa oss fram.

- Vi dreg heilt klart til byen for å tøffa oss, seier styremedlem Ørjan Setvik.

Up & coming

Det er ikkje berre dei "gamle ringrevane" i Bone Shakers og KingCalling som skal på scena når osingane skal visa seg fram i byen.

- Vi tek med oss nokre juvelar "in the making" når vi slepp ungdommane i Abstractium og Pink Disease til.

- Dei må jo få føla korleis det er å prøva seg på ein legendarisk stad som Garage.

Sjølv om det er 20 årsgrense på arrangementet er det mogleg å koma inn også om ein er yngre. Ein lyt då avklara det i god tid på førehand gjennom vergeordninga ein finn på garage.no.

Klar til å adoptera

Sjølv om det er Os Rock City goes Garage blir det ikkje berre osaband på scena.

- Cockroach Agenda frå Fusa er gjesteartistar.

- Dei er så godt likt av alle i Os Rockeklubb at vi vurderar å adoptera dei.

- Den beintøffe 80-tals trashen dei spelar er jo vår musikk, smilar Setvik.

- Om vi ikkje får adoptera får vi vurdera ei kommunesammenslåing, skyt Grønvigh inn.

Blitt etterlyst

At arrangementet er venta og ettertrakta er ikkje styret i tvil om.

- Når eg ein sjeldan gong har vore på byen i Bergen har folk kome bort og lurt på når vi kjem ned igjen, fortel Even Hjertaas.

- No gjer vi det! avsluttar han med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.