Til EM i Tyrkia
Åsmund Slettevold er blant dei norske medaljekandidatane når junior-EM i karate blir sparka i gang til helga.


– Åsmund har halde den enorme treningsintensiteten sin oppe og skal vera i god form, seier hovudtrenar sensei Cato Bruarøy.
Slettevold skal til helga delta i EM i karate i den tyrkiske byen Konya, for siste gong som juniorutøvar.
Det store karate-talentet frå Os vann i mars i fjor NM for tredje år på rad. Månaden etter blei det bronse i nordisk meisterskap.
Åsmund Slettevold har deltatt i junior-EM to gongar før, då blei det 7. og 5. plass.
Femteplassen i fjor var Noreg sin beste plassering i EM.
Osingen er del av ein tropp på 9 utøvarar og deltar i klassen -76 kilo.
Resten av troppen kan du lesa om på kampsport.no.
Midtsiden samleside: Karate