Lokal | 14. nov. 2018

Til engasjert mor!

Svar på ope brev om parkering på Nore Neset.

Til engasjert mor!
Nore Neset Aktivitetshus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2018 18:01

Bakgrunn/svar på følgjande innlegg: Til rådmannen i Os kommune

Trafikktryggleik ved skulane våre er eit høgt prioritert satsingsområde, og vi jobbar kontinuerleg med små og store tiltak som betrar tilhøva. Eit slikt tiltak er å få fleire brukarar av skule- og idrettsanlegga til å nytta gang og sykkel som framkomstmiddel. Skal vi lukkast med det, må tilbodet vera så trygt og godt at det er eit reelt alternativ til bil.

For dei som må nytta bil, jobbar vi med å få til gode løysingar for både parkering og av- og påstiging for passasjerar. I tillegg driv vi i lag med fleire aktørar haldningsskapande arbeid både blant elevar, foreldre, tilsette og andre brukarar av skule- og idrettsanlegga i kommunen.

På Nore Neset er det etablert mange offentlege parkeringsplassar. Desse plassane er til fri bruk for alle som nyttar området. På same vis har Allaktivitetshuset stilt sine plassar til disposisjon for alle.

Kommunen har ansvaret for brøyting begge stadar.

Auka aktivitet i området kan på sikt gjera det naudsynt å vurdera om det er trong for yttarlegare tal parkeringsplassar. Per i dag er det ikkje konkrete planar for ei utviding.

Den krevjande situasjonen vi hadde ved skulestart i haust kan i stor grad forklarast med asfaltering av fylkesvegen og ferdigstilling av barnehagen.

Erfaringane våre no er at ting i stor grad har gått seg til, men at det er trong for betre tilhøve ved av- og påstiginga . Her ser vi på ulike løysingar som vil bli løfta opp i trafikksikringsutvalet.

Christian Fotland
Rådmann

Aina Tjosås
kommunalsjef, samfunnsutvikling

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.