Til fest og fritid
Bildeserie frå moteshow på AMFI: – Eg hadde ikkje trudd det skulle koma så mange folk, seier senterleiar Christer Danielsen, som sjølv gjekk over catwalken i treningstrikot.
Det er Hææærlig tid, som AMFI-kjeden kallar kampanjen dei no er inne i, og hos AMFI Os serverte dei i kveld eit spennande og variert moteshow.
– Det var fest og bryllaup, kvardagsklede, sport og fritid, seier senterleiar Christer Danielsen.
Leia av Luciana
Han hadde leigd inn proff hjelp i stylist Luciana Thunem frå Bergen, stilig og samtidig uformelt og avslappa, med kjøpmenn og tilsette på senteret som nokre av modellane.
Også Os-spelarar som Ramo Racic og Preben Borgen stilte opp for sponsoren sin.
– Eg måtte til og med visa klede sjølv, seier den spreke senterleiaren, som hoppa i ein god joggetights frå ein av sportsbutikkane på huset.
I tillegg til tekstil og sport var skobutikkane på banen med sine varer, og frisørsalongane fekk vist sine tenester.
– Betre enn venta
Danielsen er nøgd med kvelden, ikkje minst med oppmøtet torsdag kveld.
– Eg veit det er mykje som skjer i Os for tida, så eg tenkte at det kanskje kom til å bli litt roleg.
– Men så blei det veldig folksamt, og det var ekstra kjekt for alle involverte som har stått på for å arrangera dette, seier Danielsen.