Sport | 01. aug. 2017

Til finale i debuten

Kyrre Haugland debuterte på Landsskytterstemnet med å skyte seg til feltfinalen med ein nervøs trenar som tilskoder.

Til finale i debuten
Kyrre Haugland smilte, og tok i mot gratulasjonane, etter å ha skote seg til feltfinalen med 30/18 på den innleinade skytinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 01. aug. 2017 10:32

Det var nesten så trenar Anstein Eidsvik fekk hjartestans då Kyrre Haugland fyrte av det første skotet på sjette og siste holdet på dagens innleiande skyting på feltskytinga for eldre rekrutt. Skotet sneik seg akkurat innanfor blinken. Kyrre held fram med stødig skyting og satte alle dei seks skote i blinken og går med det til finalen fredag etter 30 blinkar og 19 sentrumsblinkar.

– Han har skote skikkeleg bra på runden. Det er vanvittig bra, skryt trenaren rett etter at ungguten er ferdig med si første feltrunde på Landsskytterstemnet.

– Dei var nok meir nervøse

Kyrre, som lovte Midtsiden å gjera så godt han kunne, då vi møtte han på Ulven i før avreise i førre veke, leverte varene. Ungguten såg knapt nok merka ut etter runden.

– Eg veit ikkje heilt kva eg føler, svara Kyrre då han fekk det klassiske sportsspørsmålet "Kva føler du no?".

– Var du like nervøs som mor og Arnfinn var på sidelinja?

– Nei, eg trur ikkje eg var det, smiler han beskjeden.

Fokuserte på avtrekket

På spørsmål om kva han tenkjer på når han ligg på skytinga fortel Kyrre at det er enkle ting han fokuserer på.

– Når eg sit og ventar på å få komma inn på standplass tenkjer eg på alt anna enn skyting. Når eg skal skyta så tenkte eg berre på å få gode avtrekk.

– Veldig bra, det er akkurat slik det skal vera, strålar trenar Eidsvik når han høyrer svaret.

Kyrre Haugland er den første av dei eldre rekruttane som er klare for finale. Seinare i dag skal Gaute Eide Bergstø, Aleksander Ronæs, Sofie Evensen og Markus Johannessen freiste å gjera det same.

Midtsiden si samleside: Alt om skyting

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.