To til frå Tim

Os tok ein fortent, men liten siger over Trio i dag. Tim Henrik Sperrevik har allereie skåra fleire mål enn i heile 2008 til saman.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os vann laurdag bortekampen mot Trio 2-1 (0-0). Tim Henrik Sperrevik skåra det første målet på straffe. Trio utlikna på ei kontring før Tim også skåra siste.

- Det blei som venta litt motstand i dag. Trio har henta inn ein del gamle heltar, men med litt justeringar så blei vi også gode. Det første kvarteret i andre omgang trur eg at eg telte 10 store sjansar til Os, seier Frank Hellevik.

Trenaren var ikkje nøgd med si eiga kampleiing mot Djerv, men i dag gjorde han dei rette endringane.

- Eg gjekk ned til tre bak, flytta Remi fram på kant og Christer inn for Bjørnen og plassert på topp med Tim. 30 sekund seinare kom sigersmålet, etter at Torkel la inn, Christer heada og Tim tok returen.

Tim i toppform
Med dei to skåringane i dag er Tim Henrik oppe i 7 mål på 9 kampar (Tim har spelt 8 av dei).
I 2008 skåra han 5 mål, i 2007 blei han toppskårar med 12 nettkjenningar. (Begge åra var i 2. divisjon).

Desse spelte frå start mot Trio (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes (hb), Tony Skarvatun, Vegard Borgen, Remi Osebakken (vb), Tore Valvik (sentralt), Stian Lunde (v), Preben Borgen (h), Torkel Hjertnes (hk), Andreas Bjørnen (vk) og Tim Henrik Sperrevik på topp.

Christer Olsen kom inn for Bjørnen i pausen, Per Søgnen Merai kom inn for Borgen etter skåringa og Vegard Leikvoll Moberg kom inn for Valvik dei siste 20 minuttane.

Juniorkamp i kveld, heimekamp neste laurdag
Preben Borgen og Vegard Leikvoll Moberg blei henta med båt for å spela 3. NM-runde med juniorlaget i kveld klokka 19.30.

A-laget klatra til toppen på tabellen med sigeren i dag.

Neste kamp er heime mot Voss laurdag 20. juni klokka 15. Dette er siste heimekamp før sommarferien.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11