To til friidrettslandskamp
Osingane Joakim Sælen og Sindre Ølness går 5000 meter kappgang i Nordisk junior friidrettslandskamp.
18. og 19. august arrangerast Nordisk juniorfriidrettslandskamp mellom Sverige, Norge, Finland og Danmark/Island. Konkurransane går i Sverige.
Joakim Sælen frå Nore Neset (representerar Viking TIF) og Sindre Ølness frå Søfteland (representerar Søfteland TIL) er to av dei norske deltakarane som totalt skal konkurrera i 20 forskjellege øvelsar for båe kjønn.
- Joakim var den einaste kappgjengaren frå Norden som klarde å kvaifisera seg til VM i friidrett for juniorar tidlegare i sommar.
- Å representera i ein landskamp vil gje verdifull erfaring i høve til andre internasjonale stemne, fortel Einar Vevatne i STIL til Midtsiden.
- Vi håpar at Joakim og Sindre får ei god oppleving og får prestert opp mot sitt beste, avsluttar Vedvatne.
Landskampen fungerar slik at kvart land kan ha med inntil to deltakarar i kvar konkurranse kor dei samlar poeng for laget og kjempar om medalje i det nordiske meisterskapet.