Lokal | 02. okt. 2018

Til Haukeland etter ulykke på Søfteland

Fotgjengar påkøyrd på E39.

Til Haukeland etter ulykke på Søfteland
Kø på Søfteland etter ulykke på E39. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. okt. 2018 05:29

Klokka 06.10 tysdag morgon kom det melding om trafikkulykke på E39 ved Hjellemarka på Søfteland.

– Ein fotgjengar er påkøyrd. Skadeomfang er ukjend og det er trafikale problem på staden, skreiv Vest politidistrikt på Twitter.

Åtte minutt seinare kunne dei fortelja at fotgjengar var køyrd til Haukeland sjukehus, og at trafikken går fint.

– Det er ei kvinne i slutten av 20-åra som er påkøyrd, truleg i fotgjengarfelt. Ho var vaken og bevisst då vi kom til staden. Bilførar var òg på staden då vi kom fram, og det er førebels ikkje mistanke om promillekøyring, seier politiet til BT.no.

Bilførar er ein mann i 60-åra.

– Det er tatt beslag i førarkortet. Bilen er også tatt inn for undersøking av politiet, fortel politioverbetjent Rune Fimreit til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.