Kultur | 17. apr. 2011

Til Hollywood i påsken

Dei neste dagane viser André Øvredal «Trolljegeren» i Los Angeles og New York.

Til Hollywood i påsken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. apr. 2011 06:28

Regissøren André Øvredal fekk ein knalldebut med «Trolljegeren», som blei sett av over 250.000 på kino og som førte til fleire invitasjonar frå Hollywood.

I påsken skal Øvredal visa debutfilmen sin i Los Angeles, så ventar Robert De Niro sin Tribeca-festival i New York.

– Vi koplar oss på fire store amerikanske festivalar i éin jafs. Filmen skal også på kino i alle dei store byane, fortel Øvredal til BA.no.

Dei siste vekene har han jobba på eit nytt manus saman med ein amerikansk kamerat. Det blir ein eventyrfilm som han vil selja inn til dei store i Hollywood etter sommaren.

I tillegg får han fleire tilbod, men Øvredal kastar seg ikkje over kva som helst.

– Mitt neste steg er det viktigaste i karrieren. Eg får tilsend mange manus frå Hollywood, men eg vil gjerne laga noko som eg står hundre prosent inne for sjølv, seier han til BA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.