Lokal | 30. sep. 2011

Til kvardag og fest

Så lett er det å laga nasjonalretten; fårikål.

Til kvardag og fest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. sep. 2011 11:24

Rimeleg i innkjøp, enkel å laga og godt eigna både på ein tysdag og til svigermor på ein søndag.

Fårikål er Noregs nasjonalrett og i går var det fårikålens dag. Men veit du korleis du lager nasjonalretten?

Dette treng du:
(4 porsjonar)

1 ½ kg fårikålkjøtt
1 ½ kg hodekål
4 ts heil pepar
2 ts salt
3 dl vatn

Sånn gjer du det:

1. Del hodekålen i båtar.

2. Legg kjøtt og kål lagvis i ei gryte (kjøtt nedst med fettsida ned). Strø salt og pepar mellom laga. Pepperkorna kan leggast i ein spesiell peparhaldar.

3. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekka på svak varme til kjøttet er møyrt (til det lausnar frå beinet). Koketid: cirka 2 timar.

4. Server fårikålen rykande varm på varme tallerkar. Enkelte liker å jamna fårikålen. Strø då litt kveitemjøl mellom laga (1-2 ss, per 4 porsjonar). Server med kokte poteter.

Tips: Viss du skal laga fårikål til mange treng du ein 10-liters kjele eller to 5 liters til 10 porsjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.