Kultur | 23. okt. 2018

Til Os med «Babettes gjestebod»

Hordaland Teater med framsyning i Os kyrkje.

Til Os med «Babettes gjestebod»
Ragnhild Gudbrandsen. (Pressefoto, Hordaland Teater)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. okt. 2018 07:10

Torsdag kveld vil Hordaland Teater visa «Babettes gjestebod» i Os kyrkje. Etter framsyninga inviterer Os sokneråd ved TiTT (Torsdag i Tunet) til gjestebod i Tunet kyrkje- og kultursenter. Der kjem òg teatersjef Solrun Toft Iversen og skodespelar Ragnhild Gulbrandsen. Dei vil fortelja litt om Karen Blixen og arbeidet med stykket, og om bodskapen i forteljinga.

Karen Blixens novelle «Babettes gjestebod» er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska, og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys.

Prostedøtrene Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.
Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.

Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi dei trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.

Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin bispedøme inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

Billettsal: Os kyrkjekontor og på www.hordaland.teater.no. Det vert sal i døra ein tome før framsyning, dersom det ikkje er utseld på førehand. Framsyninga varar ca. ein time.

FAKTA
AV Karen Blixen
DRAMATISERING OG SKODESPELAR Ragnhild Gudbrandsen
REGI Stig Amdam
MUSIKK OG MUSIKKARRANGEMENT Nils Økland
Arrangert i samarbeid med Bjørgvin bispedøme, lokale arrangørar og Os folkeakademi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.