Kultur | 03. feb. 2020

Til Os med revidert versjon av dei 10 bod

Broadway-komedie på norsk: «An act of God» blir spelt i Oseana i februar.

Til Os med revidert versjon av dei 10 bod
Frank Kjosås, Henrik Thodesen og Simen Solli Schøien. (Foto: May Langhelle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. feb. 2020 12:36

Etter meir enn 300 framsyningar med religionsatire i «The Book of Mormon» skal Frank Kjosås portrettera skaparen sjølv i Broadway-komedien «An Act of God». Med seg på scenen har han komikar Henrik Thodesen. Det blir første gang publikum over heile Noreg får moglegheit til å sjå den kjende skodespelaren på kloss hald.

Framsyninga går i Oseana laurdag 15. februar.

Etter The Book of Mormon-maratonet har Frank Kjosås tatt permisjon frå Det Norske Teatret for å satse på eigne prosjekt. An Act of God er hans første framsyning utanfor institusjonen.

Framsyninga hadde premiere på Chat Noir i Oslo 17. januar, og skal via Nord-Noreg og Stavanger til Os - før turneen held fram på Austlandet.

– Med både Judas, Jesus og mormonar på CV-en, kjentes det nesten obligatorisk å takka ja til rolla som Gud. Publikum kan gle seg til ei framsyning der Gud kjem for å oppklara kva han faktisk meinte med dei ti bod – denne gong utan fordyrande mellomledd, seier ein entusiastisk Frank Kjosås.

Homofili, massemord og meninga med livet

I framsyninga svarar Gud på spørsmåla som har plaga menneskeslekta sidan tidenes morgon: kvifor skjer fæle ting med gode menneske? Kva meiner Gud om homofili? Kvifor drep menneska kvarandre? Korleis blei verdas største massemord til ei koseleg forteljing om dyra på Noahs Ark? Blir bønene våre høyrde?

Dette og mykje meir vil bli besvart ein gang for alle. Gud vil også ta spørsmål frå salen.

– Steintavler eignar seg jo ikkje akkurat for å overbringa utdjupande og godt nyansert informasjon, så det er på høg tid med ei oppklaring! seier skodespelar Henrik Thodesen.

Internasjonal suksessframsyning

An Act of God hadde premiere på Broadway i 2015 og har blitt spelt av store namn som Jim Parsson (Sheldon Cooper i Big Bang Theory) og Sean Hayes (Will and Grace).

Stykket er skrive av den amerikanske komikaren David Javerbaum, som òg står bak twitterkontoen @TheTweetOfGod med over 6 millionar følgjarar.

  • Blanda mottaking: Dette meiner NRK og VG om den norske versjonen etter premieren i Oslo i januar.

Frank Kjosås: Frank Kjosås, f. 1981, er ein norsk skodespelar kjend frå tv, film, seriar og teaterscenen. Han har blant anna medverka i Halvbroren, Kampen om tungtvannet, Exit, Jesus Christ Superstar, Sweeney Todd og The Book of Mormon.

Henrik Thodesen: Henrik Thodesen, f. 1980, er ein norsk skodespelar, programleiar, komikar og tekstforfattar. Han er kjend frå Torsdag kveld fra Nydalen, P3morgen, En helt vanlig dag og Henrik Uber Alles. Henrik har i tillegg lang fartstid som stand-up-komikar.

Turneliste og spelestader
Oslo: 17. januar - 29. februar, Chat Noir.
Nøtterøy/Tønsberg: 30. januar, Nøtterøy Kulturhus
Kongsberg: 1. februar, Kongsberg Musikkteater
Bodø: 7. februar, Stormen Konserthus
Mosjøen: 8. februar, Mosjøen Kulturhus
Mo i Rana: 9. februar, Meyergården Spektrum
Stavanger: 14. februar, Stavanger Konserthus
Os: 15. februar, Oseana
Drammen: 7. mars, Drammen Teater
Lillehammer: 20. mars, Maihaugsalen
Fredrikstad: 21. mars, Blå Grotte

Medverkande
Med: Frank Kjosås, Henrik Thodesen og Simen Solli Schøien
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad
Av: David Javerbaum
Norsk bearbeiding: Simen Solli Schøien, Frank Kjosås og Henrik Thodesen
Musikk: Simen Solli Schøien
Lysdesign: Anders Bush
Scenografi: Gjermund Andresen
Produsert av: Thalia Teater og Prologo

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.