Philippe Viquendi, Jean Philippe Chiberry og Bruno Goicoetxea har tatt turen til Os for å få testa oselvaren (foto: Andris Hamre)

Til Os for å ro Oselvar

Baskiske konkurranseroarar til Os for å testa Oselvaren.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Til vanleg ror dei tre kompisane, Bruno Goicoetxea, Philippe Viquendi og Jean Philippe Chiberry konkurransar med den tradisjonsrike baskiske båten Traînière. Interessa for norsk historie og natur brakte dei til Os for å testa Noreg sin nasjonalbåt, Oselvaren.

– Eg har alltid hatt ein fasinasjon for Noreg og Skandinavia med naturen, fjorda og fjella og ikkje minst historia tilbake til vikingetida. Difor spurte eg dei to andre om dei kunne tenkje seg å vera med på ein liten ekspedisjon for å ro norske fjordar og vitje tradisjonsverksemder på vegen, forklarar Jean Philippe Chiberry når Midtsiden møter han utanfor Oselvarnaustet.

Der har han og kompisane invitert til ei lita samkome for å takka Oselvarlaget og Oselvarverkstaden for måten dei har blitt tatt i mot på.

– Vi har fått ei fantastisk mottaking og gler oss no til å få testa oselvaren ute på Bjørnafjorden.

Brukt på fiske

Chiberry fortel at tradisjonar og sport står sentralt for det baskiske folket.

– Vi tre møttest då vi spelte rugby saman i Ascain, etterkvart så byrja vi å ro Traînière saman. Dette er ein tradisjonell båt som blir brukt til konkurranseroing heime. Båten blir rodd med 13 roarar og ein styrmann.

– Tradisjonelt starta konkurransen med at to båtar rodde ut saman og trakk eit garn mellom seg for å "snurpe inn" fisken, så var det om å ro kjappast til hovudbåten for å laste fangsten over i den.

– I dag har dette blitt ein stor sport i Baskerland med store sponsorar og betting på konkurransane, forklarar Chiberry.

Skal ro 180 km

Med seg på turen har dei ein mindre versjon av ein Traînière som dei skal nytta for å ro på dei norske fjordane.

– Vi har planlagt ein tur frå Osøyro til Haga i Tysse og tilbake, ein tur frå Kvanndal til Eidfjord og tilbake og ein tur nærare Bergen. Tilsaman skal vi ro 180 km. I tillegg har vi tenkt oss ein tur opp på Trolltunga.

– Vi gler oss veldig til å sjå den norske naturen frå fjorden. Den minnar mykje om naturen heime med fjell og sjø, men der er det meir klipper ut i sjøen, avsluttar Chiberry før han serverer mat og drikke frå heimlandet.

Fleire saker