Lokal | 27. mai 2014

Til Oslo for ein siste avsjekk

Ordførar Terje Søviknes (Frp) til Oslo for å leggja siste hand på bompengeproposisjonen for E-39 Svegatjørn-Rådal.

Til Oslo for ein siste avsjekk
Terje Søviknes reiser til Samferdelsdepartementet for å møta Ketil Solvik Olsen si høgre hand, Bård Hoksrud, og diskutera finansieringa av E-39 Svegatjørn - Rådal (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. mai 2014 12:12

Onsdag ettermiddag er ordførar Terje Søviknes, saman med stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Austevoll innkalla til møte med statssekretær, og partikollega, Bård Hoksrud i Samferdselsdepartementet for å diskutera bompengeproposisjonen for E-39 Svegatjørn-Rådal.

– Etter oppslaga i Bergenspressa rett før 17. mai om at prosjektet kom til å bli utsatt til langt utpå hausten har eg jobba ekstra aktivt inn mot partikollegaer i Oslo.

– No meiner eg at oppslaga i BT og BA var overdrevne. Det var aldri meininga at saka skulle opp som ein del av revidert nasjonalbudsjett.

Skal ta ein siste avsjekk

Søviknes, sendte i februar eit notat til Hoksrud, som har eit særleg ansvar for vegutbygging i den politiske delen av departementet, kor han tok til ordet for å ikkje driva parallellinnkreving i byggjeperioden og ei fritaksordning for dei som bur nær dei kommande bompengestasjonane.

– Eg veit framleis ikkje om vi får det til, men skal prøva.

– Det eg har forstått av innkallinga er at departementet ønskjer ein siste avsjekk av notatet og å gå gjennom detaljane knytt til prosjektet.

– Eg er optimistisk på framdrifta og trur bestemt at saka kjem til å bli fremja til Stortinget og samferdselskomiteen før sommarferien.

– Då vil vi kunne få eit endeleg stortingsvedtak tidleg på hausten, seier Søviknes.

– Kan saka bli fremja i statsråd allereie på fredag, slik at den blir oversendt Stortinget allereie til veka?

– Eg trur nok ikkje at den blir handsama i statsråd allereie no fredag, men at det kjem til å skje ganske snart føler eg meg trygg på. Så gjenstår det berre å sjå kor fort den kan gå gjennom Stortinget.

– Normalt vil det vel ta ein månad/halvannan.

– Det notatet du sendte, har det vore med på å gjera at saka har drøya?

– Nei, signala eg har fått er at dei ønskja å venta med saka til dei hadde fått på plass den nye organiseringa av finansiering av vegutbygging, mellomanna i tre nasjonale bompengeselskap.

– Eg trur ikkje notatet mitt har påverka framdrifta, men sølvsagt spent på å høyre om argumenta i notatet er så gode at dei blir høyrde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.