Sport | 09. jan. 2014

Til premier league i Paris

– Dette er nok den mest prestisjetunge konkurransen etter VM, seier landslagsutøvar Åsmund Slettevold frå Os Karateklubb.

Til premier league i Paris
Åsmund Slettevold er klar for Karate1 Premier League i Paris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. jan. 2014 14:00

I haust hadde Slettevold comeback etter skadeopphald i sommar, der han gjorde reint bord i Gøteborg Open.

Turen til Ishøj Open i Danmark seinare i januar blei avlyst, men i morgon reiser landslagsutøvaren frå Os til den franske hovudstaden for å delta i Karate1 Premier League.

– Det kjem gode utøvarar frå store delar av verda for å delta. Konkurransen blir nok hardare enn i EM, konkurransen blir sett på som det største etter VM, seier Åsmund.

Dette er ein seniormeisterskap og Åsmund, som fyller 19 år i år, skal delta i -84 kilo.

– Premier League er ein serie med fleire stemne. Berre éin norsk utøvar har tatt medalje der tidlegare, verdsmeisteren frå 2012 Gitte Brunstad tok bronse samanlagt.

Tett vårprogram

Etter turen til Paris ventar treningssamling i Oslo, både i slutten av januar og ei langhelg to veker seinare.

– Den siste er finpuss før U21 EM. Då blir det trening frå fredag til onsdag før avreise til EM i Portugal.

Russ og VM

Slettevold er elev i 3. trinn på Os Gymnas og har deltidsjobb på ferjekaien på Halhjem.

– Det blir lite jobbing framover, nesten kvar helg går med til trening eller konkurransar.

– Kor mykje russefeiring det blir gjenstår å sjå. Om eg klarer å kvalifisera meg til senior-VM, som er i Finland, blir arrangert den same mai-helga som russetreffet i Kongeparken, fortel Åsmund, spent før avreise til Paris.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.