Sport | 02. aug. 2013

Til semi i A-sluttspelet

Søre Neset rauk ut før finalen i B-sluttspelet, men to jenter frå Os er no klare for semifinale i Norway Cup.

Til semi i A-sluttspelet
F.v.: Marthe Feness, Os-spelar Guro Veglo og Tonje Tveit. I tillegg er Os-spelar Tonje Lindbom med Hetlevik i Norway Cup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. aug. 2013 09:29

Søre Neset sine juniorjenter kom til B-sluttspelet i årets Norway Cup, og tok seg heilt til semifinale.

Men der blei det stopp, det unge laget frå Søre Neset tapte 0-7 for Trio.

Tidlegare Os-spelar Dorte Holen, som i vår gjekk til Smørås, kom seg til A-sluttspel med laget sitt, men tapte 0-1 for Varden i 1/16-finalen.

Vann kvartfinale fredag

Os J16, som kom på 3. plass i 1. divisjon i vår, har lånt ut to spelarar til serievinnar Hetlevik i Norway Cup.

Dei kom på 2. plass i pulja etter to sigrar og eit tap, men har tatt seg fint vidare i A-sluttspelet.

Etter 8-0-siger i 1/32-finale og 4-0 i 1/16-finalen blei det 2-0-siger over KFUM Oslo i gårsdagens 1/8-finale og kvartfinale fredag formiddag.

Jentene frå Os, som også kom til kvartfinale med eige lag i fjor, vann med Hetlevik i dag 1-0 over Porsanger og er med det klare for semifinale.

Semifinalen går mot Raufoss, som slo Oppegård 4-1 i ein av dei andre kvartfinalane.

Kampen går klokka 17 fredag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.