Til sjukehus etter kollisjon på Søfteland
Førarkortbeslag og to personar skadd i ulykke på E39 torsdag ettermiddag.
Torsdag klokka 15.12 rykte politi og ambulanse ut på melding om trafikkulykke på E39 Byvegen, i ein sving mellom Søfteland barneskule og Hjellemarka/Storestraumen.
– Ein bil som av uviss årsak hadde bremsa opp, blei påkøyrd då bilen som kom bak ikkje klarte å stoppa i tide, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord, til Midtsiden.
Til Haukeland i ambulanse
Førar av bilen som blei påkøyrd, ei kvinne i midten av 30-åra frå Os, køyrde sjølv til legevakt for sjekk.
Han som køyrde bilen som kom bak er ein mann i 60-åra, også han frå Os.
– Vedkomande blei frakta til Haukeland i ambulanse. Det er uvisst kva skadeomfang det var snakk om.
Politiet har tatt beslag i førarkortet til den mannlege bilisten.