Lokal | 02. juli 2012

Til sjukehus etter slåsskamp

To menn blei skadd i slåsskamp utanfor Esso-stasjonen natt til søndag. Ein av dei hadde tidlegare på kvelden fått pålegg om å fjerna seg frå sentrum.

Til sjukehus etter slåsskamp
To menn skadde seg i slåsskamp utafor Essoen natt til søndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. juli 2012 11:29

Laurdag kveld og natt til søndag blei ei jente tatt med falsk leg og ein mann tatt med narkotika.

Utover natta fekk politiet fleire ting å henga fingrane i.

– Det var ein del private festar i Os og i krinsane, så det kom nokre meldingar om støy. Og så var det mykje folk ute i sentrum, så det var noko bråk her òg, seier lensmann Rasmus Dalen.

Blei vist heim - kom tilbake og slåss

I 3-tida natt til søndag blei politiet tilkalla grunna ein vanskeleg gjest på ein restaurant.

Vedkomande fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum, men halvannan time seinare var han framleis i sentrum - involvert i ein slåsskamp.

– To menn slåss utanfor Esso-stasjonen i 4.30-tida. Begge blei skadd, den eine så stygt at han blei sendt til Haukeland sjukehus for sjekk etter å ha vore innom legevakten på Os, seier Dalen.

Begge er i 20-åra. Ein av dei to involverte var same mann som i 3-tida fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum.

– I tillegg til at det blir oppretta sak på slåssinga vil vedkomande som ikkje retta seg etter pålegg om å fjerna seg bli meldt for det.

Hamna i fyllearresten

Ein annan gjest som blei henta på ein restaurant i helga var vanskeleg også med politiet.

– Han var rusa og han nekta å oppgje personalia, dermed blei han kjørt til overnatting i arresten i Bergen. Han fekk eit forelegg morgonen etter som han vedtok.

Politiet tok også ein person for drikking på offentleg stad natt til søndag. Ein annan mann blei funnen sovande, men var pigg nok til å gå heim sjølv etter at politiet fekk liv i han.

Måtte fjerna skute

Ei festskute som har lagt ved gjestebrygga dei siste vekene måtte fjernast laurdag kveld.

– Den låg sånn til at den blei skadd og var i fare for å bli yttarlegare skadd, så vi gav eigar pålegg om å fjerna båten, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.