Lokal | 04. sep. 2017

Til sjukehus med skade i handa

Mann skadd i arbeidsulykke ved Svegatjørn.

Til sjukehus med skade i handa
Svegatjørn i dag. Ein mann fekk handa si i klem og er frakta til sjukehus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. sep. 2017 16:22

I 16.30-tida måndag kom det melding om arbeidsulykke ved Svegatjørn.

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut. Brannvesenet gjorde raskt retrett mens helse og politi blei verande på staden.

– Eg har nettopp snakka med byggeleiar på staden, seier John Ove Bjørge frå Statens vegvesen.

– Det einaste eg veit er at ein mann frå underleverandør Vassbakk & Stol er frakta til sjukehus med ein skade i handa.

Bjørge veit ikkje meir om verken alder på vedkomande eller skadeomfang.

– Han skal ha fått handa i klem mens han jobba utandørs. Det pågår ein del jobbing med mur og kummar i området, men eg kjenner førebels ikkje til kva som var årsaka til ulykka eller kor skadd handa hans er.

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i politiet etter ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.