Sport | 02. des. 2015

Til skyttarstemne i buss

Os Skyttarlag reiste med stil då dei drog på stevne i Åsane sist helg.

Til skyttarstemne i buss
Skyttargjengen køyrde Osbuss til stevne i Åsane (privat foto)
Andris Hamreonsdag 02. des. 2015 17:32

Bildeserie:

Aleksander Ronæs, Kyrre Haugland, Sofie Evensen og Helene Ure Skjønberg (privat foto)
Aleksander Ronæs, Kyrre Haugland, Sofie Evensen og Helene Ure Skjønberg (privat foto)
Far og son Hatlestad, Rune og Martin (privat foto)
Far og son Hatlestad, Rune og Martin (privat foto)
1 av 2
Aleksander Ronæs, Kyrre Haugland, Sofie Evensen og Helene Ure Skjønberg (privat foto)
Far og son Hatlestad, Rune og Martin (privat foto)

Førre helg var det skyttarstemne i Jonahålo i Åsane.

– Siste helg tok vi med oss oss ungdomane i skyttarlaget på tur til Åsane. Osbuss sponsa oss med både buss og sjåfør og 19 ungdomar og 4 vaksne skyttarar, pluss eit titalls foreldre, spanderte 5 timar av laurdagen på skyttetur til Jonahålo, fortel Anstein Eidsvik i Os skyttarlag.

Ikkje kvardagskost

Det er ikkje første gangen skyttarlaget reiser med mange rekruttskyttarar på tur.

– Men det er første gangen vi har reist med buss. Det blei lagt godt merke til ute i Åsane. Det er ikkje akkurat kvardagskost at eit heilt skyttarlag kjem i buss til stemne.

– Det er masse utstyr og våpen som skal haldast styr på når vi reiser med så mange, men det er berre moro når ein ser kor gøy ungdomane har det saman, seier ein entusiastisk Eidsvik.

Gode rekruttar

Det var stor stemning både i bussen og på banen i Åsane og det gikk ikkje så verst med skytinga heller.

– Dei 11 aspirantane som var med viste masse god skyting.

Blant rekruttane var det Sofie Evensen og Kyrre Haugland som gjorde det skarpast med 247 og 246 poeng.

Dette heldt til 2. og 5. plass i rekruttklassa. Sofie blei òg nummer tre på stemnet på Ulven, som gjekk samstundes med det i Åsane, fortel Eidsvik.

Gode veteranar

Det er ikkje berre ungdommane som har skote stevne den siste veka. Også veteranane har vore i sving.

– Våre veteranar, som skaut tidlegare i veka, gjorde det ikkje så aller verst dei heller. Tor Egil Gjerde og Reidar Dahle vann V55 og V65 med 249 poeng i Åsane. Else Eidsvik vant V73 på stevnet på Ulven med 348 poeng.

– No ser vi fram mot ein travel vinter på minyatyrbanen og ute i felten, vi har ei stor og aktiv ungdomsgruppe som er veldig ivrige og aktive på stemne.

Eit eventyrleg år

– 2015 har vore eit eventryleg år for oss i ungdomsutvalget og vi har hatt unge osinger på toppen av resultatlistene heile 15 ganger på opne stemne i tillegg til Sofie Evensen sin norgesmestertittel på årets Landskytterstevne. Vi kan jo berre håpe at vi er litt i nærheten av det til neste år også, seier Eidsvik.

Skyttaråret blir avslutta med Romjulstreffen på Ulven 27.-30. desember.

– Det er den største innandørskonkurransen på Vestlandet, og der skal fleire av våre ungdomar skyta i sin klasse for siste gang før dei rykker opp til Eldre Rekrutt eller Junior, avsluttar Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.