Lokal | 03. juli 2018

Til Sverige i sommar?

Sverige har skjerpa grensekontrollen mot Schengen-land. Du kan bli bedt om å visa passet.

Til Sverige i sommar?
No må du ha med deg passet om du skal vitja Sverige i sommar (foto: UD)
Andris Hamretirsdag 03. juli 2018 12:17

Politiet tilrår nordmenn som skal til Sverige i sommar å ta med gyldig pass. Bakgrunnen er at Sverige har skjerpa grensekontrollen mot Schengen-land, i fyrste omgang fram til 11. november. Alle som krysser grensa kan bli stoppa og beden om å legitimera seg.

– Norsk politi oppmodar alle som skal utenlands i sommar til å ta med passet, også om dei berre skal vitje våre naboland, seier seksjonssjef John Ståle Stamnes i ei pressemelding frå Politidirektoratet.

Godtar kun pass

– Sjølv om det er passfridom i Norden for nordiske borgarar, ser vi at stadig fleire europeiske land berre godtek pass som legitimasjon når ein skal reise heim til Noreg etter endt sommarferie. Skulle du ha behov for å legitimere deg hos andre land sine mynde, til dømes hos politiet, er pass einaste godkjende ID.

– Du må også ha pass om landet du er i innfører kortvarig indre grensekontroll. Det kan til dømes skje ved statsbesøk eller andre større hendingar. Difor oppmodar politiet norske borgarar til å ta med passet på ferie, avsluttar Stamnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.