Kultur | 26. okt. 2009

Til topps i Manger

50-årsjubilanten Os og Kuventræ skulekorps stakk av med førsteplassen under Mangerfestivalen.

Til topps i Manger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. okt. 2009 09:16

Mangerfestivalen er eit åreleg arrangement i regi av Manger Skulemusikklag. Korpsfestivalen har aspirantseminar og festkonsert, men også konkurranse for skulekorps og generasjonskorps.

Konkurransen blei halde i Radøyhallen laurdag, og Os og Kuventræ skulekorps fekk 86 poeng, som heldt til ein 1. plass.

Korpset frå Os, dirigent Haldis Bårdsen, framførte låtane Tequila, Can you feel the love tonight, We will rock you og Fairytale.

Dei som gjekk glipp av vinnarkonserten kan få høyra den igjen i Fjellheim når korpset feirar 50-årsjubileet sitt 21. og 22. november.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.