Til topps i west coast-swing i Stockolm
Anne Lill Lyssand frå Os Swingklubb, med Petter Fossheim, vann internasjonal konkurranse i Sverige.
Anne Lill Lyssand har knapt konkurrert etter at ho blei noregsmeister i swing i 2005.
– Men eg har halde fram med å dansa, og i hovudsak vore instruktør i swingklubben.
Det siste året har ho sjølv trent meir på west coast-swing enn folkeswing, og i fjor fekk ho 5. plass i nybyrjarklassen.
– West coast blir kalla ein meir moderne form for swing, der du leikar meir etter musikken, men samtidig blir den sett på som meir elegant. Det er òg utan koreografi.
Dansa i 11 timar
I helga var Anne Lill og fleire frå Os på eit stort, internasjonalt event i Stockholm, med rundt 600 deltakarar.
– Vi dansar frå fredag i 19-tida til klokka 6 laurdag morgon. Det er utruleg gøy!
Hovudtrekkplasteret var kjendisdansarane Jordan og Tatiana frå USA (sjå video på YouTube) som både var instruktørar og del av juryen i konkurransane laurdag kveld.
– Det var ei stor oppleving å få instruksjon av Jordan og Tatiana, og å seinare bli bedømt av dei to, synest Anne Lill.
To sigrar på to månadar
Det var to konkurransar laurdag kveld, «Stricktly», der du melder deg på med partner, og «Jack & Jill», der kvar enkelt blir vurdert individuelt og sett i par med ein tilfeldig match.
I Jack & Jill får du internasjonale poeng. Her kom Anne Lill på 6. plass av 60-70 påmeldte damer.
I Stricktly dansa ho med Petter Fossheim frå BSI i Bergen.
– Eg og Petter vann konkurransen på eit event i Trondheim i september, og i helga gjekk vi også til topps av 30-40 par i Stockholm.
Konkurransen var hard, med deltakarar frå land som Tyskland, Frankrike og Israel.
– Det var sjølvsagt kjekt å vinna, men det er òg veldig gøy å delta på event berre for å dansa og læra meir. Vi har blitt ein god gjeng i Os Swingklubb som dansar west coast no, og køyrer eigne kurs i denne stilen, fortel Anne Lill.