midtsiden

Til Toppserien!

Åsne Takle Eide (15) har signert med Arna-Bjørnar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor spelte ho éin kamp for damelaget til Os, før nye reglar for unge spelarar blei oppdaga. Os søkte dispensasjon for å fylla den tynne stallen med den talentfulle spelaren, men fekk det aldri. I år fyller Åsne 16 i år, i går signerte ho med Toppserie-klubben Arna-Bjørnar.

Les òg:
Åsne sin superlaurdag

- Vi har hatt ein veldig god dialog med Arna-Bjørnar og ønskjer både laget og Åsne lykke til, seier Per Søberg, Åsne sin trenar på Os.

I ekspressfart
Åsne er kjent for stor fart, god kondisjon og flink éin mot éin. Det ser ut til å vera eigenskapar det nye laget hennar også har.

- Vanlegvis brukar vi lengre tid før vi signerer ein ny spelar, men Åsne har hatt ei fin utvikling medan ho har hospitert hos oss i vinter, og både før og under treningsleiren i Danmark viste ho at ho er tett på det å få tilbod om å spela i Toppserien, seier Arna-Bjørnar-trenar Morten Kalvenes til Midtsiden.no.

Kan debutera laurdag
Talentet frå Os kom innpå og skåra i treningskamp i mars, og skåra Arna-Bjørnar sitt einaste mål i ein B-kamp i Danmark dei vann 1-0.

- Ho har gode offensive eigenskapar, ho er flink til å skåra mål og ho har eit stort utviklingspotensiale. Vi har ein smal tropp med ein oversiktleg konkurransesituasjon når det gjeld plass på førstelaget.

I går teikna Arna-Bjørnar ein amatørkontrakt med Åsne på eitt år, med intensjon om å vidareføra samarbeidet etter endt sesong. Dagen før tapte laget 0-1 i serieopninga mot favorittane Stabæk på bortebane.

- Laurdag spelar vi heime mot Donn frå Kristiansand. Kanskje får Åsne sin debut allereie då, seier Kalvenes.

Med privatsjåfør
«Høg intensivitet på treningane og veldig greie lagvenninnner» seier Åsne om hennar nye klubb.

- Eg har hatt det veldig kjekt i Arna i vinter, det var veldig kjekt at dei vil satsa på meg vidare, seier ho.

Åsne går i 10. klasse på Os ungdomsskule. Med tre treningar i Arna i tillegg til kamp blir det ein travel sesong for den unge jenta frå Os.

- Både mamma, pappa og broren min kan kjøra meg til trening, om ikkje eg tar buss. Kjem eg meg ikkje ut til trening ein dag har vi avtale om at eg kan trena med gutelaget til Os, fortel ho.

No ser Åsne fram til debuten, som altså kan koma allereie førstkomande laurdag.

Her er tabell og terminliste for Toppserien

Fleire saker